Hopp til innholdet
Kvinne og to barn lagar middag

Husforsikring
  • Sikre huset ditt mot skadar
  • Trygt og raskt skadeoppgjer
  • Nytt hus ved totalskade

Kva dekkjer husforsikringa?

Med husforsikringa vår sørgjer vi for at du ikkje står på bar bakke om du får skadar på huset ditt. Husforsikringa dekkjer skadar på sjølve bygningen og alt inventar som er fastmontert.

Typiske skadar kan være brannskadar, vannskadar og naturskadar eller tjuveri og innbrot. Ønskjer du ei ekstra god dekning, vel du vår beste forsikring, Hus Pluss.

Visste du at?

Husforsikringa dekkjer bygningen og det som er fastmontert. For å dekke ting som møblar, klede og tv, treng du i tillegg innbuforsikring.

Om forsikring

Forsikringene våre leveres av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte hvis du har spørsmål eller trenger hjelp.

Spørsmål og svar om husforsikring

Eigenandel er den delen av kostnaden du sjølv betalar når du har fått ei skade og skal bruke forsikringa di. Når du kjøper forsikring, vel du kva eigenandel du vil ha. Eigenandelen er på 6000 kroner om ikkje anna kjem fram av forsikringsbeviset.
Når du flyttar må du ordne ei ny forsikring. Ta kontakt med oss så hjelper vi deg.
Husforsikringa dekkjer naturskadar som direkte skuldast skred, storm, flaum, stormflo, flodbølge, meteorittnedslag, jordskjelv eller vulkanutbrot.

Den dekkjer også fysiske skadar på bygning og bygningsdelar, samt lukt, forårsaka av rotter eller mus. Ekstra forsikring som dekkjer bekjempelse av skadeinsekt, mus og rotter kan du kjøpe som eit tillegg.
Du kan endre på husforsikringa via Mine sider. Ved større endringar tilrår vi at du tar kontakt med oss, eller din rådgjevar for rettleiing.
Viss du gjer tiltak for å sikre huset ditt, som tryggleiks- og skadeførebyggjande tiltak vil det få direkte utslag på prisen på forsikringa. Døme på dette kan vere lekkasjestopp i alle våtrom, nytt røropplegg i heile bustaden, el-kontroll, nytt sikringsskap og liknande.