UNG-forsikring@headingTag>
Tre forsikringar i ei
Med UNG-forsikring har du både innbuforsikring, reiseforsikring og ulukkesforsikring i ei forsikring.
Vår beste innbuforsikring sikrar tinga dine viss noko skulle skje. Reiseforsikringa gjeld med ein gong du går ut døra heime. Ulykkesdekninga gjeld også når du er heime. Ulukkesforsikring kan dekke behandlingsutgiftene dine viss du har vore i ei ulukke og gir erstatning ved varig skade eller død.
Visste du at?
Når du flyttar heimefrå må du ha dine eigne forsikringar. Det kan vere vanskeleg å vite kva forsikringar du bør ha. UNG-forsikringa er laga for å sikre deg – på ein enkel og trygg måte.
UNG Familie
For 3048 kroner i året sikrar du deg og din familie med våre beste forsikringar: Innbu Pluss, Reise Pluss og ulukkesforsikring. Det er berre du som kjøper forsikringa som må vere under 34 år.
Ung i utlandet
Dette er forsikringa for deg som studerer utanlands, jobbar som au pair eller frivillig i utlandet. Den består av reise- og ulukkesforsikring og kan utvidast med innbu- og studieavbruddsforsikring.