Utdatert nettleser
Denne nettsiden vil gi redusert funksjonalitet i denne nettleseren. Vi støtter de fleste nettlesere med de nyeste versjonene som Chrome, Firefox, Safari og Edge. Hvorfor trengs en oppdatert nettleser? Finn det ut her og last ned nyeste versjon
Personopplysningar og arbeid mot økonomisk kriminalitet
Nokre av kundane våre lurer på kvifor dei må legitimera seg og svara på spørsmål om bankforholdet sitt, sjølv om dei alltid har vore kundar i banken. Her får du svar på kvifor.
Me anbefalar at du tek med pass, som er den sikraste formen for legitimasjon i Norge. Med pass meinar me norsk pass, utenlandsk pass, norsk utlendingspass og reisebevis for flyktningar med RFID.
Kva skjer om eg ikkje oppdaterer legitimasjonen min?
Det er viktig at du legitimerer deg slik at informasjonen me har liggande i arkiva våre er oppdatert og korrekt. Dersom du ikkje oppdaterer kundeidentiteten din med gyldig pass eller ID-kort, er konsekvensen at kontoar eller kort blir sperra for uttak inntil me har registeret oppdatert legitimasjon.
Kva bruker me informasjonen til?
Løyve om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering (Kvitvaskingsloven) krev at alle norske bankar har kjennskap til korleis kundane bruker produkta og tenestene til banken – og dette må registrerast og oppdaterast jamleg.
Me som bank har eit ansvar for blant anna å kjempa mot svindelforsøk, ID-tjuveri og økonomisk kriminalitet som skattesvik, kvitvasking og terrorfinansiering. Svara dine er derfor eit viktig bidrag.
Eg har vært kunde i Sogn Sparebank i alle år, kvifor må eg svare på desse spørsmåla?
Myndigheitane pålegg bankane å ha kjennskap til sine kundar, og kva produkt og tjenestar dei nyttar. Detta må derfor registrerast og oppdaterast gjennom heile kundeforholdet. Derfor får alle dessa spørsmåla uavhengig av kor lenge ein har kunden våre. Me anbefalar å ha Sogn sparebank mobilen sin/nettbank for å enklare oppdatera informasjonen din jamleg.
Kva skjer om eg ikkje svarar på spørsmål frå banken?
Det er viktig at du svarar slik at banken har informasjon som er riktig og oppdatert. Dersom me ikkje får svar, kan ein konsekvens være at mobilbank, nettbank, kort og konto blir sperra inntil me får innhenta svara dine.
Kva er ei kundeerklæring?
Kundeerklæring er ei rekkje spørsmål banken stiller for å halda oppe lovverket som myndigheitane stiller til bankane. Det er her viktig at ein tenkjer gjennom kva ein brukarar banken til slik at svara dine blir mest mogleg korrekt. Dersom ein oppgir feil opplysningar i kundeerklæringa si må ein forventa at ein kan bli kontakta av banken eller få tilsendt eit nytt skjema.
Alle kundar uansett alder må fylla ut ein kundeerklæring, dette er ein eigenerklæring og det er derfor vikitg at du fyller han ut på eigahand. Dersom ein er under 18år eller under verjemål skal verje/forelder fylla ut.
Eg har blitt svindla, kva gjer eg?
Ring kundesenteret vårt så fort som mulig for bistand 57648510.
Kvifor spør banken om skatteforpliktelsar i andre land?
Noreg, USA og OECD- landa har inngått avtale som pålegg norske bankar å gi opplysningar om kundane deira til dei nasjonale styresmaktene i tråd med amerikansk lovgiving Foreign Account Tax Compliance Act (FATCA) og Common Reporting Standard (CRS).
Kvar finn eg mitt skattenummer?
Sverige - personnummer eller samordningsnummer - Format 999999-9999