Viss du har hatt ulike jobbar har du òg mottatt ulike pensjonskapitalbevis. Dette beviset inneheld summen av den pensjonssparing den tidlegare arbeidsgivaren din har sett av til din pensjonssparing.
Når eigen pensjonskonto kjem, bør du samla pensjonskapitalbevisa dine på ein konto. Dette gjeld berre innskotpensjon. Har du fripoliser frå ei tidlegare ytingsordning, kan dette ikkje samlast på eigen Pensjonskonto. På denne måten vil du få ei betre oversikt over kva som er sett av i pensjon til deg frå dagens arbeidsgivar og tidlegare arbeidsgivarar. Når du samlar pensjonskapitalbevisa dine på éin stad, vil det samtidig vera mogleg å kutta ned på kostnadene som er knytte til administrasjon av pensjonen din. Det lønner seg derfor for dei aller fleste av oss å samla pensjonskapitalbevisa hos éin leverandør