I denne artikkelen formidlar vi Ingeborg si historie om junidagen i 2016 der livet vart snudd på hovudet. 

Det var ein junidag i 2016, og det byrja gå mot sommar i Flåm. Snøen smelta i rask takt og fylde Flåmselvi med store mengder fjellvatn. Der flaumen herja nokre år tidlegare stod Flåmskyrkja enno støtt, med utsikt over både folk og fe som ferdast nedover dalen. Like ved kyrkja ligg garden Ingeborg og Anders skal overta etter foreldra hennar. Dei har store planar om å byggje seg draumehuset, og ser lyst på framtida. 

Ingeborg og Anders møtte kvarandre nettopp i Flåm sommaren 16 år tidlegare. Sommarflørten utvikla seg raskt og det tok ikkje lange stunda før dei vart kjærastar. Deretter venta mange år med avstandsforhold, før dei flytta saman i Bergen. Ho studerte på universitetet, medan han vart tømrar. Etter opphaldet i Bergen flytta dei til Flåm. Sander vart fødd i 2011 og allereie året etter kom veslesyster Ingrid. Bryllaupet stod to år seinare, på dagen 14 år etter at dei kyssa første gongen. Planane deira vidare var å overta garden, og starte byggje draumehuset som Anders sjølv hadde teikna. 

Ingeborg og Anders

Denne junidagen skulle Anders fly frå Gudmedalen og ned til garden. Å fly betyr å paraglide. Han byrja med dette kort tid etter at dei flytta heim til Flåm. Det gjekk i rolege sveveturar og denne ettermiddagen ville han sveve nedover dalen i finværet. 

Seinare på dagen får Ingeborg ein telefon frå far sin som lurar på om Anders er heime. 
«Er han ute og flyg?», spør han. 
«Ja», sa Ingeborg, og fekk til svar: 
«Då har han gått i elva». 

Dregen ut i elva
Anders hadde landa trygt på bøen lengre framme i dalen, men eit vindkast fekk skjermen ut i elva før han fekk av seg selen. Han hadde aldri ein sjanse til å halde att og vart dregen nedover elva. Linene på skjermen hadde til slutt surra seg så fast i steinar på botnen at han var halden under vatn og han hadde ingen krefter att å kjempa med. Til slutt blei han skoren laus, då hadde han vore under vatn i rundt ti minutt.

Hjelpemannskapet heldt på med hjartekompresjon og fekk etter kvart i gang ein, om enn ustabil, hjarterytme og han vart flogen til Haukeland. Det var ingen teikn til blødningar i hjernen, og håpet steig bittelitt. Alle organ var uskadde, men mangel på blodsirkulasjon gjorde at dei måtte amputere beina ved hoftene dersom han skulle ha nokon som helst sjanse til å overleva. - Me sat på det triste venterommet og venta i timesvis, medan me håpte intenst på eit mirakel. Men då døra til slutt gjekk opp, skjønte eg det med ein gang. Tre kvite frakkar med alvorleg ansikt. Før dei rakk å amputere, hadde Anders fått ei bløding på eine sida av hjernen, og før dei rakk å stogge denne fekk han bløding på andre sida. Då dei målte kunne dei ikkje lengre finne nokon hjerneaktivitet. 

- Eg kan med handa på hjarte sei at dette er den verste dagen i mitt liv. Eg mista kjærasten min, bestevenen min, og pappaen til Ingrid og Sander. 



Ingen tru på forsikringa
Heime hjå Anders og Ingeborg var det Anders som stod for hovudinntekta, og hans inntekt familien var mest avhengig av. - Anders forstod ikkje kvifor eg meinte forsikring var viktig. Han hadde sjølvsagt dei forsikringane han måtte ha gjennom jobb, men det var eg som prakka på han private dekningar, fortel Ingeborg. Han hadde forsikring, men i og med at han hadde utøvd ekstremsport, hadde ho ikkje tru på at dei ville få att noko på forsikringa hans. - Eg hadde allereie snakka med foreldra mine om at dei skulle auke gjelda si slik at eg skulle klare å sitje med det vi hadde. For me hadde strengt tatt meir gjeld enn eg kunne handtere åleine, og husplanane me hadde planlagt ville ikkje vorte gjennomført.

Gladmelding i sorga
- Då eg fekk positivt svar frå forsikringsselskapet trudde eg at eg skulle gå i bakken. Det viste seg at sidan han hadde landa trygt på bøen før vinden tok tak i skjermen og drog han ut i elva, var det ikkje lengre ekstremsport og forsikringa gav økonomisk erstatning. 

Når eg i dag ser tilbake på det som skjedde og korleis livet vårt har blitt, er eg takksam for at me valde å teikne personforsikringar med tanke på at det verst tenkelege kunne hende. Utan dette hadde eg alder hatt moglegheit til å realisere dei planane Anders og eg hadde i lag. Ein tenker jo at det skjer ikkje meg, men realiteten er at det hender nokon, kvar dag. - Livet kan ingen forsikre seg mot, men ein kan sikre seg så godt ein kan for at livet skal vere leveleg for dei som sit igjen. Sorga etter å miste ein som er umisseleg er forferdeleg tung å bere, og det er ikkje sikkert ein har sterke nok skuldre til ta ei økonomisk bør i tillegg.

Ingeborg Indrelid er tilsett i Sogn Sparebank, og fortalte i 2017 si personlege historie til eit fullsett Årdal kulturhus. Historia er framleis høgst relevant og difor deler ho no på nytt i samband med vårt fokus på personforsikringar.

Ei god forsikring kan aldri erstatte eit personleg tap av nokon du er glad i, men kan vere med på å gje økonomisk tryggleik i ein elles vanskeleg situasjon. Me oppfordrar alle våre kundar om å ta ein gjennomgang av sine forsikringar. Me i banken hjelper deg gjerne med dette.