Har du møtt Halvor? Det er han blide og stødige karen som har full kontroll på det meste. Han har stor arbeidskapasitet, og tek seg alltid tida til å hjelpe deg om du lurar på noko. Eller Marianne? Ho kjenner lokalmiljøet godt, har eit sterkt kundefokus og strekkjer seg langt for å imøtekomme kundane sine forventningar. Lat oss ikkje gløyme Bjarte. Han har lang bankerfaring, men er samstundes oppteken av at vi ser framover og forbetrar oss saman. I Sogn Sparebank er vi så heldig at alle desse tre jobbar som kunderådgjevarar hjå oss. Saman med resten av banken er vi eit sterkt lag, og no er vi på jakt etter fleire lagspelarar som kan vere med på å finne dei beste løysingane for kundane.

Dette vert dine viktigaste arbeidsoppgåver:

• Behovsretta og heilskapleg rådgjeving innan bank, forsikring, sparing og plassering.
• Aktivt bidra til kryssal bank/forsikring/eigedomsmekling
• Oppfølging og utvikling av eigen portefølje
• Aktivt skaffe nye kundar Du har følgjande kvalifikasjonar:
• Du har helst relevant utdanning innan økonomi, men erfaring og god realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse.
• Det er ein fordel om du har relevante autorisasjonar

Personlege eigenskapar
• Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
• Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
• Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
• God på å lytte og forstå kunden sine behov for å kome fram til den beste løysinga for kvar kunde
• Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny (digital) kompetanse

Dette kan du forvente:
• Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for eigen utvikling
• Gode moglegheiter til å påverke miljøet og eigen arbeidssituasjon
• God og strukturert opplæring
• Godt arbeidsmiljø og mange kollegaer med høg fagkompetanse
• Konkurransedyktige vilkår
• Ein av marknaden sin beste pensjons- og forsikringsordning

Vi håpar å høyre frå deg!

Har du spørsmål?
For spørsmål og meir informasjon om stillinga kan du kontakte leiar privatmarknad, Magne Klepp på tlf. 976 35 919, eller leiar HR, Ingeborg Indrelid, på tlf. 472 44 089.

Send søknad med CV til iin@sognbank.no så snart som råd og seinast innan 21.03.2021.