Ein god pensjon handlar om at du kan ta litt friare val når du blir eldre, om du har teke pensjon på alvor når du er yngre. Eller sagt på ein anna måte: begynn å spare, ikkje gå i baret!

For at du skal få meir kunnskap om korleis pensjonsordninga er bygd opp, kva staten og arbeidsgjevar bidreg med, og kva du kan og bør gjere sjølv, arrangerer me i lokalbanken din eit spareseminar.

Presentasjon frå Jørgen Sundet, Eika-gruppen

Me får besøk av direktør for sal, marknad og digital utvikling i Eika-gruppen, Jørgen Sundet. Han fortel om aksjefonda våre og korleis du kan spare til pensjon på mest effektivt vis. Me viser deg sjølvsagt også Eika sine spareappar og gjev deg dei gode spareråda på vegen! 😊

Påmelding

Meld deg på seminaret i forkant og seinast 5.september, ved å gå til påmelding

Gratis kundearrangement

Dette er eit kundearrangement for kundar i JBF bank og forsikring, Sogn Sparebank og Tysnes Sparebank. Seminar er gratis, men har avgrensa plassar. Ta gjerne med ein ven og meld deg på i dag! 

Tid & stad

Stad: USF Verftet, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen

Dato: 8. september

Tid: 18:00 – 19.30

Det blir servert mat og drikke og me håpar det freistar med litt nyttig input i godt selskap.

Følg gjerne arrangementet på facebook.

VELKOMEN!