I 2014 blei arveavgiftslova oppheva. Kort forklart tyder det at du ikkje lenger må betale avgift på arv ved dødsfall, når du får gåver eller ved forskot på arv.

Dette inneber også at foreldre, uavhengig av beløpet sin storleik, avgiftsfritt kan gi barna sin økonomisk stønad i samanheng med bustadkjøp. Samtidig gjer lovendringa det enklare å overføre både hytte og fast bustad til barn.

Begrensningar i arvelova

Men sjølv om arveavgifta er blitt historie, byr sjølve arvelova på avgrensingar det er viktig å vere klar over.

Dette bør du vite:

1: Arv til barn

Barn har etter arvelova krav på såkalla pliktdelsarv etter foreldra sine. Det betyr at dersom ein av foreldra døyr, skal minst to tredjedelar av etterlatt formue delast likt mellom barna. Beløpet kan imidlertid begrenses til én million kroner per barn i testament. Vær også merksam på at attlevande ektefelle kan utsetje arveoppgjøret ved å bli sitjande i uskiftet bu (sjå under).

Så lenge foreldra er i live, er spelerommet større. Dei kan då dele ut pengar til barn og barnebarn som dei sjølv ønskjer – for eksempel i forbindelse med bustadkjøp.

- Å spare til barna er noko av det luraste eg har gjort

2: Begrensninger ved uskifta bo

Når ein ektefelle døyr, kan den attlevande parten foreta arveoppgjøret med ein gong (skifte buet), eller utsetje det ved å sitje i uskiftet bu. Uskifte inneber at den attlevande nærmast får full disposisjonsrett over verdiane i buet. Men det finst somme avgrensingar.

Dersom avdøde har barn frå tidlegare forhold, såkalla særkullsbarn, blir det kravt samtykke frå desse for å kunne bli sitjande i uskiftet bu. Det er heller ikkje mogeleg å gi bort fast eigedom eller større pengegåver utan samtykkje frå arvingane. Kor store pengegåver ein kan gi bort, avheng av verdien i forhold til den totale formuen i buet.

3: Gevinstskatt ved sal av arva bustad

Dersom arvingar seljar arva bustad, kan dei få gevinstskatt på verdistigninga av bustaden. Unnataket er dersom givar sjølv kunne selt eigedomen skattefritt på overføringstidspunktet. Det er verdien på arvetidspunktet som er utgangspunktet for ein slik skatt. Når bustaden skal seljast, utan at arvtakar har butt i den sjølv i minst 12 månader samanhengande i løpet av dei siste to åra, må det skattast 27 % av ein eventuell gevinst.

4: Sambuarar? Hugs testament!

At arveavgifta er fjerna, tyder ikkje at sambuarar automatisk arvar den andre. Det er berre sambuarar som har, har hatt eller ventar felles barn, som kan gjere krav på arv frå den andre. Her er det også viktig å vere klart over at sjølv om du har juridisk arverett, har du berre krav på fire gonger grunnbeløpet. Per i dag tilsvarer det 360.272 kroner.

Skriv du derimot testament, har du moglegheit til å tilgodesjå attlevande sambuar med langt høgare beløp.

Kva skjer med flokken din dersom du skulle bli borte? Les kvifor Einar Bøysen teikna dødsfallforsikring

Hjelp til dei viktige avgjerdene

Avgjerder i forbindelse med arv, testament og kjøp av bustad, kan vere store. For dei fleste vil det kjennast ekstra trygt å få hjelp av nokre med solid kompetanse for å finne dei beste løysingane. Kontakt banken for å snakke med ein av rådgivarane våre.

Kilde: Arvelova/Lovdata