Jul

Siste frist for å betale rekningar før julaftan er måndag 23. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast i nettbanken før klokka 14:00. Fyrste forfallsdato etter julaftan er fredag 27. desember.

Nyttår

Siste frist for å betale rekningar i 2019 er tysdag 31. desember. Rekningar som skal vere betalte på denne dagen må registrerast før klokka 14:00. Fyrste forfallsdato etter nyttårsaftan er torsdag 2. januar.

For betalingar og overføringar til BSU-konto før 2020 må fristane over overhaldast, dette gjeld også mellom kontoar i same bank

Utanlandsbetaling

Siste frist for å betale til utland før jul er den 23. desember. Siste frist for å betale til utland i 2019 er den 31.desember kl. 09.00. Rekningane må registrerast før klokka 14:00 begge dagar.

 
Normalt vil mottakar få pengane same dag som betalinga blir utført, men skal betaling vere motteken hos kunden sin bank før nyttår, bør betalinga gjerast seinast 30. desember. For ein del land i andre tidssoner bør kunde berekne betre tid enn dette.

Generelt om betalingsfristar

Fristane er ikkje absolutte. Dersom tidspunkt for betalingsmottak er viktig, blir det tilrått at registreringa av betalinga er ferdig gjennomførde nokre minutt før dei ovanfor nemnde tidspunkta.

Overføring mellom eigne konti og betaling utan KID til andre kundar sin konto i same Eika-bank, vil gå umiddelbare dersom overføringa/betalinga blir lagd inn med forfall same dag.

Vipps  kan nyttast til å betale som normalt gjennom heile jule- og nyttårsperioden.