Visste du at det er mogeleg å leggje inn fleire kort i Vipps? Og at fleire og fleire nettstader og apper tilbyr dette som betalingsmetode? Vi tilrår derfor at du registrerer kredittkortet frå oss i Vipps slik at du raskt, trygt og enkelt kan handle på nett.  


Nokre av fordelane med å registrere kredittkortet ditt i Vipps:


  • Det er raskare og enklare. Du slepp å leggje inn kodebrikke, sikkerhetskode og utløpsdato kvar gong du handlar noko på nett når du legg inn kredittkortet frå oss i Vipps.
  • Det er tryggare. Belastar du kredittkortet når du vippser på nett, får du gode reklamasjonsrettar dersom du oppdagar ukjente transaksjonar, eller opplever feil ved leveransen frå butikken.

    Og du, husk at reklamasjonsretten er ikkje gjeldande dersom du vippser med kredittkortet til privatpersonar. Då vert overføringa anteke å vera ein vennebetaling, ikkje eit kjøp.

  • Du har meir kontroll. Når du får tilsend fakturaen kan du dobbeltsjekke at alt stemmer før du betaler – dermed har du meir kontroll over beløpet som blir trekt og du kan få ei ekstra betalingsutsetjing på inntil 45 dagar

 

Slik legg du til kredittkortet ditt i Vipps:

  1. Gå til profilen din
  2. Velg "Kort og konto"
  3. Legg til nytt kort eller konto
  4. Fyll inn kortnummer, utløpsdato og CVC-kode
  5. Trykk "Registrer"

 

Slik betaler du med kredittkort når du skal vippse:

  1. Trykk på VISA- eller Mastercard-logoen til venstre for "Send"-knappen, og vel kredittkort før du trykkjer «Send»
  2. Dersom du ikkje vel kort, vippser du frå det kortet du har merkt som favoritt