Frå 15. mai i år må du som eFakturakunde syte for å gje ein generell aksept for mottak av faktura og rekningar via eFaktura. Dersom du ikkje gjev aksepten innan fristen, vil du ikkje lengre motta faktura via denne løysinga. 
 
Mange har gjeve aksepten tidlegare, sjekk om du har alt på plass
Logg deg inn i enten mobilbanken eller nettbanken din, og sjekk om aksepten for mottak av eFaktura er i orden. Veiledninga på følgjande lenke, viser deg korleis du sjekker dette og korleis du enkelt kan gje aksept. 

Rettleiing for å sjekke/endre aksept for eFaktura

Enklare for deg å betala rekningar
Endringa blir gjort for at det skal bli enklare for deg å betala rekningane dine. Med ein generell aksept vil du heretter motta eFaktura frå første rekning frå verksemder som tilbyr eFaktura. Det betyr at du ikkje lengre må inn i nettbanken for å melde seg på mot dei enkelte verksemdene. Dersom det er enkelte du ikkje ynskjer å motta eFaktura frå, kan du enkelt reservere deg i nettbanken. 

For å fortsette å motta rekningar og faktura som eFaktura, er det viktig at du gjev ein aksept innan 15. mai.