Godt nytt år!

At året som gjekk var eit krevjande år kan dei fleste av oss einast om. Det var og eit år der samhaldet var sterkt og dugnadsånda i oss kom fram. Som samfunn er me framleis sterkt prega av Covid -19, men vaksineringa som no er i gang gjev von om betre tider. 

Digitalt fokus og verdien av å møte kvarandre

Det meste fekk eit digitalt fokus i fjor, og bank og finans er sjølvsagt ikkje noko unntak. Mykje av det du tidlegare kom i banken for å utføre, let seg no handtere via nettsidene, med bank-id og via mobilen. Samtidig er me opptekne av verdien av møte mellom menneske, og møte mellom kunde og rådgjevar. Difor vel me å halde fram med fysiske kontor i bygdene våre, med sterkt fokus på god og heilskapleg rådgjeving. Ynskjer du å du å ha eit møte over telefon, skype eller teams er me sjølvsagt klare for det også. Me er med andre ord tilgjengeleg for sogningar i bygdene våre, utflytte sogningar – og alle som skulle ynskje at dei var sogningar :) 

Solid Sognabank med Eika i ryggen
Banken vår har ein solid grunnmur, sterk eigenkapital og eit stort mogelegheitsrom. Sogn Sparebank er din lokale sparebank som er eigd og styrt frå Sogn, og kvart år gjev me tilbake til lokalsamfunna i Sogn via sponsormidlar og gåvemidlar til store og små prosjekt som kjem innbyggjarane til gode. Samstundes er me ein del av noko større, nemleg Eika-alliansen.  Alliansen består av 66 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, og har ein samla forvaltningskapital på over 360 milliardar kroner og nær ein million kundar. Dette gjer Eika til ein av dei største aktørane i den norske bankmarknaden – og ein av dei viktigaste aktørane for norske lokalsamfunn.  Dette er eit svært verdifullt felleskap å ta del i. 

Kundeundersøking i samarbeid med Norsk Gallup
Me er opptekne av å vidareutvikle banken sine tenester i tråd med kundane sine ynskjer og behov. Difor gjennomfører me mellom anna kundemålingar, for å gje deg som kundane høve til å gje oss tilbakemeldingar og påverke banken sine framtidige prioriteringar. Årets undersøking for privatkundar vert gjennomført i perioden 18. januar til 12. februar og er i samarbeid med Norsk Gallup. Du vil motta ein epostinvitasjon frå dei, og me er takksam for alle som ynskjer å delta.


Helsing

Mads Indrehus
Adm. Banksjef i Sogn Sparebank