Årets kundemåling for privatkundar blir gjennomført i perioden 15. januar til 16. feburar. Her får alle kundar moglegheit til å kome med tilbakemeldingar og påverke banken sine framtidige prioriteringar.

Norsk Gallup  gjennomfører undersøkinga for oss og eit tilfeldig utval kundar vil motta ein epost frå undersoking@norskgallup.no. Får du ein slik epost set me pris  på om du tek deg tid til å svare.

Besvarelsen tek 8-10 minuttar og alle som deltek er med i trekninga av 10 gåvekort med ein verdi på kr 1 000,-. Me håpar du har moglegheit til å delta og bidra slik at me kan bli ein enda bedre bank for våre kundar i framtida.