1. Kvifor skal ein bruka kredittkortet frå lokalbanken? 
Det er mange fordeler med å bruka kredittkort frå banken som er hovudbanken din. Du får same pin, god oversikt i mobilbank-appen og rask hjelp ved svindel. Oversikt er vel stikkordet her, og sjølvsagt god hjelp frå rådgivaren din i banken om du treng det. Vi må og nemna viktigheita av å bruka kredittkort på nett og reisa, dette er det sikraste for deg som kunde. Du har gode reklamasjonrettigheter hos oss, som er veldig aktuelt å nemna i samband med Thomas Cook-konkursen. Det kan du lesa meir om her.

2. Kva betyr gjeldregisteret for kunden? Er det slik at ein må avslutta alle kredittkort?
Vi vil ikkje tilrå å avslutta alle kredittkort, eitt kort bør du behalda då det er mange fordeler med å bruka kredittkort. Husk og at du kan setja ned kredittkortgrensa, om den er mykje høgare enn du har behov for. All kreditt vil stå oppført som gjeld, og påverka dine lånemuligheter. Snakk med oss i banken om du treng hjelp til ein opprydning.

3. Når bør ein bruka kredittkortet i staden for bankkortet?

Du bør bruka kredittkort på netthandel, ved abonnementstenester, i utlandet, kjøp av reise, større varekjøp, kjøp av varer du kanskje skal returnera, og ved uforutsette utgifter. Dersom kortinformasjon kjem på avveie, er det ikkje direkte tilgang til kontoen og pengane din. I tillegg har du ein leveringsgaranti som dekker feil vare, vare ikkje levert, vare øydelagt ved mottak og leverandør-konkurs.

4. Kva er dei beste tipsa dine til fornuftig kortbruk i haustferien?

Skal du reisa utanlands i haustferien tilrår vi å bruka kredittkortet som hovudkort med tanke på sikkerheita. Du får og full oversikt i mobilbank-appen over alle transaksjonar. Du bør og betala (minimum 50 % av) reisa med kredittkortet, då er du dekt av reiseforsikringa i kortet. Du har og ID-tyveri forsikring i kortet. Det blir føresett at kredittkortet har vore brukt dei siste 45 dagane, eller har uteståande rentebærende kreditt. Vi synest og det er eit godt tips å bruka kredittkort når ein betaler hotell og leiebil, som ofte reserverer store summar på kortet då dei dei tar høgde for at du kan gjera skade på rommet eller bilen du leiger. Bruk kredittkortet så påverkar ikkje reservasjonen kontoen din.