1) Planlegg gåveinnkjøpa
Kven skal du kjøpe gåver til, kor dyre skal dei vere, og korleis skal du få levert dei? God planlegging er alfa og omega når desember gir oss høge skuldrer. Går du i butikkane, er lista over kjøp god å støtte seg til når julemusikken blir for øyredøyvande. Den gjer også at du kun bruker pengar på det du skal, og jobbar deg planmessig gjennom lokala.

2) Julehandel frå sofakroken
Nettbutikkane bognar over av fine julegåver. Kvifor ikkje bruke lista di i ro og mak frå stova heime? Bruk kredittkortet når du handlar på nett, for då står du sterkare dersom du opplever manglande levering eller at bedrifta går konkurs. Ved kredittkortkjøp blir ikkje pengane trekt frå din personlege konto, men frå banken sin. I tillegg er du sikra mot ID-tjuveri og svindel. Har du brukt kredittkort dei siste 45 dagane, er du sikra juridisk bistand på inntil 50.000 kroner.

Sjekk våre kredittkort

3) Ta i bruk fordelane dine
Som kredittkortkunde har du også eigne fordelar. Gjennom eit fordelsprogram får du ei rekke rabattar når du handlar i butikk eller på nett. Lurt å sjekke om det står sportsutstyr, smykke eller klede på ønskelista til nokre av dine kjære.

Les meir om fordelsprogrammet

4) Unngå toll og moms
Handlar du i utanlandske nettbutikkar, kan det vere greitt å vite at grensa for avgiftsfri import er 350 kroner. Alle varer under 350 kan dermed kjøpast utan både toll og moms, men hugs at summen inkluderer frakt og andre utgifter. Når du bestiller varer, bør du difor sjekke nøye om beløpet du betaler for varen inkluderer frakt/forsikring eller om dette kjem i tillegg.

Er du usikker på kva sluttsummen blir, kan du rekne ut totalbeløpet i importkalkulatoren til Tollvesenet.

5) Hugs Posten sine fristar
Skal du sende julepost innan Noreg anbefaler Posten at du sender før den 16. desember. Hugs å skrive korrekt og fullstendig namn og adresse på dine brev, julekort og pakkar. Vanleg leveringstid er 1-3 yrkedagar, på enkelte strekningar opp til 5 yrkedagar. Det er forventa at tida aukar med inntil 2 dager den siste veka før jul.