AvtaleGiro og eFaktura

AvtaleGiro og eFaktura er dei enklaste måtane å betala rekningane dine på. Du får kontroll på at faste rekningar blir betalte i tide, og du slepp å fylla ut kontonummer og KID‐nummer.
  • Synleg i betalingsoversikta di sju dagar før forfall
  • Du slepp å fylla ut kontonummer og KID‐nummer

Kom i gang med AvtaleGiro

Slik opprettar du AvtaleGiro

Kva er AvtaleGiro

Enklare rekningsbetaling

Med AvtaleGiro slepp du å tenkja på dei faste rekningane som telefon, straum, offentlege avgifter og husleige. Banken ordnar betalinga for deg. Rekningane blir betalt til rett tid, utan at du mistar kontrollen over kontoen din. Betalinga legg seg som regel automatisk til forfall 7 dagar før forfallsdatoen, eller så fort kravet blir sendt frå betalingsmottakaren./p> 

  • Du slepp å registrera betalinga og tenkja på forfallsdato
  • Du treng ikkje hanskast med til KID‐nummer og annan betalingsinformasjon
  • Banken syter for at rekninga blir betalt automatisk og i tide
  • Du kan stoppa og endra einskildbetalingar. Viss du ønskjer å endra den faste trekkdatoen, kontaktar du betalingsmottakaren.

Kom i gang med eFaktura

Korleis opprette ein eFaktura-avtale?

Ved betaling i Nettbank til ein mottakar som tilbyr eFaktura vil du få opp eit forslag om inngåing av eFaktura-avtale som du enkelt kan akseptere og inngå der og då.
For å inngå ein Automatisk eFaktura avtale manuelt vel du Betalinger og eFaktura i Nettbanken.

Kva er eFaktura

Digital faktura

eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som blir send til nettbanken. eFaktura følgjer personnummeret, så dersom du brukar fleire nettbankar får du opp denne avtala i alle nettbankane.

Det er viktig at eFaktura‐kravet berre blir lagt til godkjenning eller betalt i den nettbanken det skal betalast. Dersom du slettar eit eFaktura‐krav eller ei eFaktura‐avtale fullstendig, blir det sletta frå alle nettbankane.

  • Med eFaktura ligg rekninga i nettbanken din
  •  Du slepp å tasta KID‐nummer og annan betalingsinformasjon
  •  Du kan endra beløp og forfallsdato om det er trong for det
  • Blir ikkje belasta kontoen din før du stadfestar rekninga