Nyheit for lommebokgløymarar – betal med Vipps

Er du ein lommebokgløymar, du òg? No kan du betale direkte i terminalen med Vipps-appen i snart alle Rema 1000-butikkar og stadig fleire andre butikkar.

Tenesta blir gjort tilgjengeleg for deg automatisk. Du vil få ei melding i Vipps-appen. Ynskjer du å bruke fleire kort på tenesta, kan du leggje dei til når som helst. Opne Vipps-appen og skann QR-koden i betalingsterminalen. Betalinga blir belasta kontoen din på same måten som når du betalar med kort. Med QR-kode kjem du rett til betalinga, utan tasting og leiting etter nummer og butikk.

 

Vipps gjer det rett og slett enklare å betale i butikk. Du treng ikkje vere uroleg for å gløyme lommeboka eller i verste fall koden på kortet. I tillegg kan du heile tida halde oversikt over saldo og velje kva konto kjøp skal belastast frå, seier Erik Mohn, fagsjef for betaling og infrastruktur i Eika-gruppen.  

 

 Erik Mohn, fagsjef betaling og infrastruktur i Eika Gruppen

 

Slik betaler du med Vipps i butikk

  1. Sjå etter Vipps-logo på terminalen.
  2. Opne Vipps.
  3. Trykk på «Vipps» eller tast 5 i terminalen.
  4. Skann QR-koden og godkjenn beløpet i Vipps. Betalt!

Det har aldri vore så spennande å vippse som det er no!

Les meir om betaling med Vipps her.

Kontanttenester i butikk

No kan du setje inn kontantar på konto eller ta ut kontantar i alle Meny- og Kiwi-butikkar, og i utvalde Spar- og Joker-butikkar.

Vi brukar stadig mindre kontantar. Og når vi først har behov for å setje inn litt kontantar på kontoen eller ta ut pengar, er det sjeldan vi har ein minibank eller innskotsautomat frå banken vår rett rundt hjørnet. No gjer vi kvardagen til kundane endå enklare ved at dei kan utføre desse tenestene når dei likevel er i matbutikken. Raskt, sikkert og enkelt, seier Mohn. 

Sjå etter skilt med kontanttenester i butikk og sei ifrå om at du ønskjer å setje inn eller ta ut kontantar. Maksbeløpet per transaksjon er 20 000 kroner for innskot og 10 000 kroner for uttak.

Her kan du sjå om tenesta er tilgjengeleg i din nærbutikk.

Vi har laga ein steg-for-steg-illustrasjon til korleis du set inn kontantar. Den kan du sjå nærare på her.