Er du ein av dei heldige som kan setje seg på flyet til Syden eller ta ein biltur over landet sin grense - hugs at du bør bestille ferieopphaldet ditt med din Gold kort. Du får, som før koronatida, gratis reise- og avbestillingsforsikring i tillegg til gode reklamasjonsmåtar dersom noko skulle skje.  

Skal du ut på tur i den store verda igjen ønskjer vi å gi deg nokre råd for at ferien din skal bli så god som mogeleg. Ta med deg desse tipsa i kofferten, så er du klar for ferien:

  1. Vel lokal valuta
    Har du opplevt at seljarar i utlandet gjerne vil få deg til å betale i norske kroner når du dreg fram kortet? Ikkje gå i den fella – det er lønnsamt for dei, men ikkje for deg, fordi du må betale eit gebyr for veksling. Den beste kursen får du ved å betale i lokal valuta, sjølv på dagsturar til Sverige eller helgetur til Danmark.

  2. Behov for cash i ferien?
    Hugs at du alltid får gebyrfrie minibankuttak i valuta i utlandet når du tek ut kontantar med kredittkortet frå oss.

  3. Betal kontaktlaust
    For beløp under 500 kr så kan du betale kontaktlaust utan å taste PIN-koden din. Har du Google Pay, så kan du bruke din mobil til å betale med – og berre la lommeboka liggje igjen heime. Eller du kan bruke smartklokka di med Fitbit Pay eller Garmin Pay. Slik kan du verne PIN-koden di og betaling i ferien blir tryggare.

    I tillegg unngår du å ta unødvendig på betalingsterminalen – dette er viktig i forhold til smittevernreglane, for sjølv om verda opnar opp er vi ikkje helt ferdig med koronasmitten.

Det kan vere lurt å setje på regionsperre på kortet ditt, slik at det berre kan nyttast i utvalde delar av verda. På denne måten kan du redusere faren for svindel og misbruk.

God tur!

Psst! Enno ikkje fått kredittkort frå oss? Det er aldri for seint å søkje.