BankID

BankID er den digitale legitimasjonen din som gjer at du trygt og enkelt kan identifisere deg på nett. Du kan bruke det ved signering av dokument og avtalar i banken og i ei rekkje andre offentlege portalar, og ved trygg netthandel.
  • Bruk kodebrikke eller mobilen som kodegenerator
  • Enkelt og trygt å bruke
  • BankID er personleg - sei aldri koden til andre

BankID på mobil blir gradvis fasa ut

BankID på mobil skal gradvis fasast ut og erstattast med BankID-app frå 1.september 2022. Alle vår BankID på mobil-kundar skal ha fått sms/nettpost om dette.
 Les meir om utfasinga her

Slik sperrar du BankID-en din

Ta kontakt med banken! 

Har du mista kodebrikka di, eller mistenkjer du at ho er stolen, er det viktig å kontakte banken så raskt som mogleg. 

Har du mistanke om at nokon har fått kjennskap til BankID-passordet ditt, er det viktig å endre passord eller ta kontakt med banken med ein gong. 

Slik kjem du i gong

Slik opprettar du:

Skilnaden mellom BankID og BankID på mobil

Skilnaden på brikke og mobil?

BankID policy og avtalevilkår

The Trust Service Provider Statement (TSPS) beskriv den offentlege nøkkelinfrastrukturen til banken for utstedelse av elektroniske identitetar (eid) til sluttbrukarar for BankID og BankID på mobil. Viss du ønsker å lesa eit forenkla dokument, kan du sjå relevante avtalevilkår (PDS):