BankID
-
Kva er BankID?BankID er ein personleg og enkel elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nett. Brukast blant anna til innlogging i nettbanken, for levering av sjølvmeldinga, signering av søknader, avtalar og meir.
-
Kva er BankID på mobil?BankID på mobil er ei elektronisk identifiserings- og signeringsløysing der tryggleikselementa blir lagra i mobiltelefonen sitt SIM-kort. Med BankID på mobil kan du enkelt logge deg inn i nettbanken eller betale på nett, utan å måtte bruke kodebrikka.
-
Eg treng BankID - korleis går eg fram?Du må vere legitimert med pass og fått kodebrikke frå oss for å kunne opprette BankID. Når dette er på plass, kan du gå til pålogginga i nettbanken og taste inn fødselsnummeret ditt. Deretter følgjer du prosedyren for å aktivere BankID. Når BankID er aktivert, kan du betale og signere med BankID.
-
Eg treng ny kodebrikke. Kva gjer eg?Ring kundesenteret vårt for å bestille ny kodebrikke. Brikka vil bli sendt i posten og du vil motta den mellom 2-4 vyrkerdagar etter den er bestilt.
-
Korleis opprettar eg BankID på mobil?
BankID på mobil kan brukast til innlogging i nettbank, ved betaling på nettet med bankkort og innlogging andre stader der BankID krevast. Sjølv om du aktiverer BankID på mobil må du behalde kodebrikka di. Kodebrikka må brukast dersom BankID på mobil feilar eller må aktiverast på nytt.
Slik gjer du:
1. Logg inn i nettbanken.
2. Vel Innstillinger i venstremenyen.
3. Klikk på BankID på mobil.
4. Vel Bestill.
Deretter følgjer du anvisning for aktivering.
-
BankID for ungdom 15-18 årDet er mogeleg for ungdom mellom 15-18 år å få BankID brikke. For å få BankID må banken ha godkjenning frå begge verjene. Dette kan gjerast ved at begge verjene møter opp i banken saman med ungdommen. Hugs å ta med ungdommens pass og legitimasjon på begge verjer.
-
Er kodebrikka overflødig med BankID på mobil?Nei, du treng den framleis når du skal aktivere BankID på mobil på ein ny mobiltelefon eller eit nytt SIM kort, digital signatur (f.eks. signere lånedokument, helseerklæringar o.l.) og pålogging til nokre offentlege tenester.
-
Kan eg bruke BankID frå annan bank ved pålogging i nettbank?Ja, BankID kan brukast på tvers av banker så lenge det er ein fullverdig BankID brikke. Dersom du har brikke frå oss, må du bruke denne ved fyrste pålogging.
-
Når må eg få sperra min BankID?Dersom du har mistanke om at somme har fått kjennskap til ditt BankID-passord, må du anten endre passordet eller ta kontakt med banken umiddelbart. Du må også kontakte banken umiddelbart dersom kodebrikka di er mista eller stole.
-
Eg får ikkje bestilt mellombels BankID-passord på SMSFor å kunne motta passord på SMS, må du vere registrert kunde hos oss. Kontakt kundesenteret vårt, så kan vi hjelpe deg.
-
Korleis endrar eg passordet på min BankID?Start ei pålogging med BankID. Når du kjem til bilete for å taste inn eingongskode, kan du velje Endre passord i menyen øvst til høgre