Sogn Sparebank
Privat Bedrift
Bli kunde Logg inn

Ofte stilte spørsmål om nettbanken

  • Støttar PC-en min nettbanken?
    Nettbanken skal fungere på dei aller fleste PC-er, men du må sørgje for å ha ein oppdatert nettlesar og Windows/Mac for å få full tilgang til alle tenestene.
  • Fungerer nettbanken på nettbrett?
    Ja, men det er viktig å halde nettbrett oppdaterte. Det kan vere noko utfording derom nettbrettet stoppar å få oppdateringar (pga. alder), då vil det ikkje møte våre tryggleikskrav. På mobiltelefon tilrår vi at du bruker appen vår, då nettbanken ikkje er tilpassa storleiken på ein mobiltelefon.
  • Feilmeldingar ved pålogging i nettbanken

    "Feil data tasta inn". Mogelege årsaker: 

    Du kan ha tasta feil kode frå kodebrikka. I så fall prøv ein gong til.

    Du har brukt BankID frå annan bank. For å sjekke dette, klikk på "Velg annan BankID" under eingongskodefeltet, og vel korrekt bank.

    Dersom kodebrikka er øydelagd, kontaktar du kundesenteret vår for å bestille ny.

  • Kvar finn eg alle kontoar eg disponerer (til dømes barn, ektefelle)?
    Under Mine kontoar får du oversikt over kontoar i avtalen du valde ved pålogging. Dersom du ønskjer å sjå alle kontoar i alle avtalar, klikkar du på burgermenyen til høgre og vel Kontoar eg disponerer. Du får så ei liste over kontoar fordelte per avtale. Herifrå kan du betale frå dei kontoane i den avtalen du har valt. Klikk Bytt avtale for å betale frå kontoar i andre avtalar.
  • Eg får ikkje logga inn for å sjå bedrifta/foreininga sine kontoar
    Dersom du har knytt ei bedrift eller lag/foreining til nettbanken må du bruke fødselsnummer og personleg BankID for å få tilgang til kontoane. Inne i nettbanken vil du finne alle kontoane som du disponerer. Dersom du får feilmelding banken har ingen brukarar med det fødselsnummeret det blir logga inn med, kan bedrift eller lag/foreining vere lagd opp med tilsett BankID og/eller du har ikkje tilgang.
  • Korleis endrar eg namn på ein konto?
    Gå til Innstillinger og Kontooppsett. Her får du ei liste over kontoar i inneverande avtale (bruk Bytt avtale øvst for å gå til ein annan avtale). Klikk på kontonamn for å endre direkte eller klikk på blyanten ute til høgre for å redigere desse og fleire eigenskapar ved kontoen.
  • Korleis opprettar eg ein ny konto?
    Frå hovudmenyen i nettbanken vel Kontoar, for så Opprett ny konto.
  • Korleis aktivere betaling til utland i nettbanken?
    Av tryggleiksmessige grunnar stenges utenlandsbetaling ved inaktivitet over ein lengre periode. For å opne opp igjen, ta kontakt med kundesenteret.
  • Utanlandsbetaling blir ikkje vist i forfallsregister, kvifor?
    Når du har godkjent ei utanlands betaling med dagens dato, vil ikkje denne visast i forfallsregisteret. Den vil ikkje visast på konto før den blir kurssett og bokført konto. Fram til betalinga går ut så vil beløpet vere reservert på konto
  • Korleis opprettar eg SMS-varslar i nettbanken?

    Vel Innstillingar - Mobil - SMS-varsel. Følg instruksjonane og vel blant følgjande varsel: 

    - Disponibel saldo på vald dato eller vekedag

    - Disponibel saldo over ein vald sum

    - Disponibel saldo under ein vald sum 

    - Innbetalingar større enn vald sum

    - Utbetalingar større enn vald sum

    - Betalingar til forfall som det ikkje er dekning for

    - Tenesta kostar per melding take imot, sjå banken si prisliste for pris

  • Korleis betaler eg fleire rekningar på ein gong?
    Gå til Betalingar og Betale. Fyll inn felta som ved ei vanleg betaling og vel Legg til godkjenning. Dette repeterer du for kvar betaling du skal leggje inn. Når betalingane ligg klare, går du til Betalingar og Godkjenn betalingar. Sørg for at relevante betalingar er markert i lista nedst. I Neste handling for dei markerte betalingane vel du Godkjenn og gjennomfør betalingar og avtalar. Signer med BankID og følg nøye med i oversiktsbiletet til slutt. Avviste betalingar er merka med X føre.
  • Kvifor er ikkje ei avvist betaling under oversikta avviste betalingar?
    Ved avvist betaling med forfall i dag, får du melding om avvisning umiddelbart. Berre avviste betalingar med forfall etter dagens dato vil leggje seg under Avviste betalingar.

Kontakt og lenkjer

Prisar

Du kan samanlikna prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.

Kontakt

Telefonnummer: 57 64 85 10, E-post: post@sognbank.no

Om oss

Org.nr: 837897912, SWIFT: IDRENO21

  • Personvern
  • Tryggleik og antikvitvask
Til toppen
2021 © Sogn Sparebank Ein lokalbank i