Kva forsikringa erstattar
Dersom du har bestilt og betalt ei reise til Kina eller Hong Kong, dekkjer reiseforsikirnga di avbestilling av reise og opphald som startar seinast 31.mars 2020. Avbestilling av reiser til Kina (inkl. Hong Kong og Macau) må bli gjort innan 25. februar 2020.

Utenriksdepartementet gjekk i januar ut med eit råd om å unnlate å reise til områda i Kina der coronaviruset er antatt å ha sitt utspring, altså Hubei-provinsen i Kina. Det er viktig å vite at reiseforsikringa ikkje gjeld dersom du vel å reise til området, på tross av UDs offisielle reiseråd.

Hugs også at reiseforsikringa berre dekkjer det du ikkje får refundert frå reisearrangøren, derfor ber vi om at du tek kontakt med flyselskap/reisebyrå før du kontaktar oss.

Reiseråd

I følgje Folkehelseinstituttet (FHI) finst det ingen legemiddel eller vaksine mot det nye coronaviruset.

FHI har følgjande råd til dei som er på reise:

  • God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindra smitteoverføring.
  • Personar som utviklar teikn på luftvegsinfeksjon i laupet av dei første 14 dagane etter heimreise frå områda der viruset er påvist, eller som har hatt nærkontakt med ein person som har testa positivt for viruset, bør ta kontakt med lege.
  • Studentar og andre som oppheld seg i Kina over ein lengre periode, bør følgje råd frå lokale helsemyndigheiter.

Dersom du oppheld deg i Kina, og ønskjer å returnera tidlegare enn planlagd, kan du ta kontakt med oss.

Dersom du har spørsmål, ber vi deg ringje oss på telefon (+47) 915 03 850.