Hopp til innholdet
To kvinner klemmer på perrongen framfor eit tog
Det kan vere lurt å ha oversikt over kva reiseforsikringa di dekkjer før du dreg.
Reiseforsikring

Dette dekkjer reiseforsikringa di

Stopp ein halv! Ikkje pakk noko som helst før du har lest desse smarte reiseråda.

Det å ta ein velfortent pause frå kvardagen og unna seg ein tur i ny og ne, er ein av livets store gleder. Men før du dreg, om det så er for å nyte sola i utlandet eller kose deg på hytta, er det nokre ting du bør tenkje på.

For det første bør du ha ei reiseforsikring. For det andre bør du planleggje smart og vere førebudd i tilfelle noko skulle skje.

I denne artikkelen hjelper vi deg å ta dei riktige vala og førebu deg best mogleg for reisa.

Du bør kjøpe ei reiseforsikring

At du i det heile tatt bør ha ei reiseforsikring, kan salssjefen i Eika Forsikring, Heidi Moe Lund, stadfeste. Ho slår nemleg fast at ei reiseforsikring er den beste venen du kan ha når du skal ut på tur. 

«Uhell kan alltid skje, men den største tabben du kan gjere, er å ikkje ha reiseforsikring». Heidi Moe Lund. 

Du bør vite kva reiseforsikringa di dekkjer

Det er samtidig viktig at du har kontroll på kva reiseforsikringa di faktisk tek hand om.

Ei typisk reiseforsikring beskyttar deg mot dei vanlegaste uhella du kan oppleve på tur.

– Dei inkluderer dei vanlegaste skadetypane som er reisesjuke, tjuveri av reisegods og forseinka bagasje. Ei reiseforsikring dekkjer deg tjuefire timar i døgnet, og gjeld uansett om du skal tre veker på safari i Afrika eller ein snartur til hytta, forklarar Moe Lund.

Typiske ting ei god reiseforsikring dekkjer:

  • Avbestilling
  • Bagasje
  • Heimtransport og utgifter ved sjukdom og ulukke
  • Verdigjenstandar
  • Ulykker

Men det er også fullt mogleg å kjøpe ei ekstra god reiseforsikring. Den dekkjer då for eksempel viss flyet ditt blir forseinka, tapte feriedagar og gir deg meir pengar tilbake om den dyre sykkelen eller verdigjenstandane dine blir stolne - for å nemne noko.

Her kan du samanlikne kva våre to reiseforsikringar dekkjer.

Vi anbefaler deg uansett å alltid lese vilkåra nøye før du dreg, slik at du er godt førebudd viss noko skulle skje.

For kva skjer for eksempel om du plutseleg mister mobilen i bakken sånn at skjermen knuser?

Reiseforsikringa dekkjer ikkje alt

enk nøye gjennom kva verdisaker du tar med deg. Treng du verkeleg å ha med deg dei aller dyraste solbrillene, PC-en, iPaden og dei dyre smykka?

Viss svaret er ja, må du sørgje for å ta nokre forbehold.

– Det er typisk at vi har med større verdiar på reisa enn tidlegare. Treng du eigentleg å ha med deg PC, iPad og dei dyraste smykka dine for ein weekendtur? Sjølv om du får igjen pengar om noko skulle skje, kan det vere stor affeksjonsverdi bunde til desse gjenstandane, seier Moe Lund.

Pass på kva du pakkar kor. Eit godt råd er å leggje dei dyraste tinga i handbagasjen din

Legg solbrillene, laptopen og iPaden i håndbagasjen

Blir for eksempel solbrillene eller brillene dine øydelagde i transport, blir det ikkje dekt.

– Ikkje legg desse i kofferten, men plasser dei trygt i handveska før du reiser, er rådet frå Moe Lund.

Viss du ikkje allereie har ei reiseforsikring, oppfordrar Moe Lund deg til å fikse det med éin gong.

– Det er berre snakk om eit par enkle klikk, og vips så er du dekt på den neste turen din, avsluttar Moe Lund.

Kjøp vår reiseforsikring her.