Nokon vel å finansiere bilen gjennom bilforhandlaren, og tek opp lån samtidig som dei kjøper ny bil. Bilforhandlarar veit naturlegvis alt om bilen, reparasjonar, serviceavtalar og tekniske spesifikasjonar, men har som regel lita innsikt inn i den økonomiske situasjonen din.

Ville du snakka med bilforhandlaren om endringar i den personlege økonomien din, som at du har fått ny jobb med større inntekt, blitt permittert eller vunne i Lotto? Ikkje? Då gir det heller ikkje meining å ta opp lån hos ein bilforhandlar.

Eit naturleg val vil for mange vere å finansiere bilen med banken som kjenner dei best. Som banken din har vi oversikt over privatøkonomien din og kan gi gode råd om korleis lånet vil påverke deg både no og i framtida.

Kvifor velje oss?

Nokre gode grunnar til å ta opp billån hos oss er:

  • Konkurransedyktig lån: Du kan få eit konkurransedyktig billån med opp til 100 % finansiering og inntil 10 års nedbetalingstid. Enkelte bilforhandlarar tilbyr låge renter i visse kampanjeperiodar, men justerer så renta opp, så totalkostnaden for billånet kan i verste fall bli høgare enn hos banken. Vi kan òg hjelpa deg å få eit bevisst forhold til nedbetalingstid og faktiske rentekostnader, så du unngår overraskingar og dyre renter.
  • Lånebevis på nokre få klikkar: Hos oss kan du òg få eit lånebevis som du kan ha klart før du går til bilforhandlaren. Med dette gir vi deg ei stadfesting på innvilga finansiering opptil eit visst beløp, og alt du treng å gjera er å ringa eller senda e-post med informasjon om bilen når du har bestemt deg. Du søker raskt og enkelt om lån på nettet og får svar innan éin dag – mange får til og med lånet godkjent med ein gong.
  • Full oversikt over økonomi og lån: Med eit lån hos oss kan du sjå lånet i både mobil- og nettbank i staden for å få ein faktura kvar månad. Det betyr at både du og vi får god oversikt over den heilskaplege økonomien din, og at vi kan hjelpa deg med økonomisk planlegging og rådgiving. I tillegg kan du få bilforsikring gjennom oss, så alt er samla på éin stad.

Trygt, kjent og personleg hos banken du kjenner best

Ønsker du å sjekka pris eller søka om lån? Her kan du enkelt søka om vanlig-, grønt- og kaskofritt billån, i tillegg til lånebevis. Ta gjerne kontakt på e-post billaan@eika.no eller telefon (+47) 915 06 270 dersom du har spørsmål.