Hopp til innholdet
Ungt par skal kjope bolig
Boliglan

Dei viktigaste omgrepa du må vite om bustadlån

Når du skal ta opp ditt første bustadlån, er det lett å bli forvirra av alle orda og omgrepa som blir brukte. Her har vi laga ein guide som forklarar dei viktigaste omgrepa du må vite før du søkjer om eit bustadlån.

Ulike typar bustadlån

  • BLU / Bustadlån for unge

    Bustadlån for unge er eit eige tilbod til deg mellom 18 og 33 år. Du kan låne opp til 85 % av kjøpesummen til vår lågaste rente. Les meir om bustadlån for unge.
  • Rammelån (flexilån)

    Med eit rammelån betalar du rentekostnader kvar månad, medan avdraga betalar du når det passar deg. Du må ha god styring på din økonomi og minst 40 % eigenkapital. Finn ut meir om rammelån. 
  • Refinansiering av bustadlån

    Om du treng lån til oppussing eller andre investeringar, kan det vere fornuftig å auke bustadlånet ditt framfor å ta opp eit nytt lån. Å samle fleire lån til eitt gir betre kontroll og betingelsar. Finn ut meir om refinansiering av bustadlån.

Serielån og annuitetslån

  • Serielån

    Serielån inneber at avdraga er dei same gjennom lånets løpetid. Du betalar dei same avdraga kvar månad, med ei høgare rente i starten som gradvis blir lågare. Totalt er det billigare å velje eit serielån på grunn av lågare rentekostnader over tid. Les om fordelen med serielån her.

  • Annuitetslån

    Den vanlegaste lånetypen. Du betalar same beløp kvar månad (om renta ikkje endrar seg). Etter kvart som du nedbetalar lånet, blir delen rente mindre og avdragsdelen høgare. Dette gir deg ei føreseieleg nedbetaling. Les om fordelen med annuitetslån her.

Litt om renter

  • Kva er rente?

    Rente er prisen du betalar for å låne pengar.

  • Kva er nominell rente?

    Nominell rente er renta på lånet ditt, utan gebyr.

  • Kva er effektiv rente?

    Effektiv rente er nominell rente pluss gebyr. Det er denne summen du faktisk må betale for pengane du låner.

  • Hva er forskjellen på fast- og flytande rente?

    Med fastrente betalar du det same kvar månad, uansett marknadsrente. Med flytande rente vil betalingane variere i takt med marknadens renteendring.  

  • Kva er rentebuffer?

    Rentebuffer er ein sikkerheitsmargin som banken brukar for å sikre at økonomien din toler renteendringar.

Andre omgrep på bustadlån

  • Kva er eigenkapital?

    Eigenkapital er pengane du har spart opp for å kjøpe bustad, til dømes BSU og sparepenger. Banker krev vanlegvis at du har 15 % eigenkapital før du får eit bustadlån. For eksempel, på ein eigedom som kostar 1 million kroner, tilsvarar 15 % eigenkapital 150 000 kroner.

  • Kva er lånebeløp?

    Lånebeløp er summen du treng å låne for å kjøpe bustad. Bruk bustadlånskalkulatoren for å finne ut kor mykje du kan låne.

  • Kva er nedbetalingstid?

    Nedbetalingstid er tida det tek å betale tilbake lånet ditt. Jo lengre nedbetalingstid, dess lågare månadlege betalingar, men høgare totale rentekostnader. Du kan velje nedbetalingstid opp til 30 år, og det er viktig å finne ei nedbetalingstid som passar deg og din økonomi.

  • Terminbeløp

    Terminbeløp er summen av renter, gebyr og avdrag.

  • Avdrag

    Avdrag er det du betalar inn på sjølve lånet. 

  • Kva er ein kausjonist?

    Ein kausjonist er ein som stiller seg personleg økonomisk ansvarleg for bustadlånet ditt.

  • Kva er en realkausjonist?

    Ein realkausjonist er ein som stiller sin eigedom som sikkerheit for lånet ditt (pant).

  • Kva er ein medlåntakar?

    Ein medlåntakar er ein som tar opp lån saman med deg.

Ønskjer du meir informasjon om våre bustadlån? 

Sjå våre bustadlån her.

Bustadguiden

Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.