Ein gong imellom kan det vera nødvendig å søkja om kortsiktig finansiering – til dømes når vaskemaskinen streikar eller bilen må på verkstad. Problemet oppstår først om

  • Du ikkje greier å betala ned i tide og rentene blir vanskelege å handtera
  • Kredittkortgjelda blir større kvar einaste månad
  • Eitt forbrukslån blir til fleire

Kjenner du deg att? Då er du ikkje åleine. Nye tal frå Gjeldsregisteret viser at nordmenn skuldar til saman 170 milliardar kroner i forbruksgjeld. 207 .000 personar sit på 60 prosent av all forbruksgjeld, og kvar av dei skuldar 420 000 kroner i snitt.

Søk om refinansiering hjå den banken som kjenner deg best


Samle lån og spar pengar

Det er fort gjort å mista oversikta om du har fleire forbrukslån med ulike forfallsdatoar. Hugs at du alltid kan koma til oss for ein rådgjevarsamtale. Som den lokale banken din kjenner vi deg godt – kanskje har du bustadlån og forsikringar hjå oss frå før – og vi veit ofte kva som vil vera lurt i din situasjon.

Løysinga er i mange tilfelle å samla låna dine i eitt einskild lån. Du som har ledig sikkerheit i bustaden din, kan baka det inn i bustadlånet. Hugs berre at det lønner seg å betala ned raskare, og at det kan bli dyrare dersom du betaler smågjeld over, til dømes, 25 år.


Alternativet er å samla det i eit Eika Smålån som gir god oversikt og kontroll. 


Eika Smålån er vårt tilbod til deg som vil refinansiera forbrukslån og kredittkortgjeld. Når du samlar alt på éin stad, kjem du til å:

  1. Spara pengar
    Låg etableringskostnad og ei av dei lågaste rentene i marknaden. Lågare terminkostnader og gebyr gjer at dei månadlege utgiftene går ned, og du kan velja å betala ned lånet raskare.
  2. Få betre oversikt
    Med all gjeld samla hjå oss har du éin dato, éin sum og éin bank å ta omsyn til. Det gjer det lettare å planleggja kvardagen og ha kontroll på økonomien.

Så mykje kan du spara

Sjå føre deg at du har eit lån på 150 000 kr med 5 års avdragstid og 15 % nominell rente i ein annan bank. Refinansierer du det lånet, kan du spara 382 kr/månad eller totalt 22  924 kr over 5 år dersom renta går frå 15 til 10 %.

  • 150 000 kr over 5 år med 15 % nom. rente, 16,73 % eff. rente, 200 kr etablering, 40 kr termingebyr. Terminbeløp 3 61 kr, samla renter og gebyr 66 796 kr
  • 150 000 kr over 5 år med 10 % nom. rente, 11,13 % eff. rente, 200 kr etablering, 40 kr termingebyr. Terminbeløp 3 231 kr, samla renter og gebyr 43 872 kr

Slik søkjer du om refinansiering

  1. Fyll ut søknaden og send inn
    Opplysningane du legg inn i kalkulatoren, blir tekne med vidare til søknadsskjemaet.
  2. Få tilbod
    Dersom søknaden din blir godkjend, får du eit tilbod om finansiering rett etter at du har sendt han inn. Tilbodet varer i 30 dagar.
  3. Signer lånedokumenta med BankID
    Du kan òg signera med BankID på mobil.
  4. Vi betaler ut og ordnar opp for deg   
Sjekk pris og søk om Eika Smålån her