Dei fleste av oss ønskjer eit trygt og godt liv utan økonomiske uroer. Eit godt tips er derfor å bruke nokre av årets feriepengar til å skape akkurat dette. Vi tilrår at du i tillegg sparer litt ekstra kvar månad gjennom ein spareavtale, slik at du kan skape ein økonomisk tryggleik for deg sjølv. Ved å setje pengane dine i aksjefond, kan du oppnå ei høgare avkastning på sparepengane dine enn å la dei stå i banken*. Derfor meiner vi at sparing er den beste idéen i verda! 

Kanskje har dei rett, dei som hevdar at det beste tidspunktet for endring alltid er no! Ta derfor ein titt på tipsa våre, anten du ønskjer å kome i gong med sparing eller du ønskjer å auke sparinga di, før du tek deg ein velfortent sommarferie. Dersom du heller ønskjer å prate med ein av dei dyktige rådgivarane våre, gjer vi det gjerne - heilt gratis! 🤿

Vi har Noregs mest fornøgde fondskundar - og betre skal vi bli!

Slik kan dine feriepengar vare litt lenger:

Betal ned dyre smålån, kredittkortrekningar og betal rekningar som forfell snart

Betal ned dyre smålån, kredittkortrekningar og betal rekningar som forfell snart.
Det er alltid lurt å tilbakebetale dyr gjeld fyrst. Betal derfor tilbake dyre smålån og uteståande kredittkortrekningar. Då kan du spare mykje i rentekostnader kvar månad. Få også oversikt over kva rekningar som kjem og betal dei med ein gong.

Betal eventuell baksmell på skatten

Dersom du har fått baksmell på skatten kan nokre av feriepengane nyttast til å betale denne. Betaling av baksmell kan for mange vera eit ekstra stort innhugg i kvardagsøkonomien, og derfor kan feriepengane ofte kome godt med når dette skal betalast.

Opprett ein bufferkonto 

Sett av pengar på ein eigen konto, ein såkalla bufferkonto. På denne måten har du pengar i bakhand viss du skulle trengje litt ekstra ved eit seinare høve, og hald fram med å setja inn pengar utover hausten. Set opp eit automatisk trekk, gjerne på same dag som du mottek lønn. Då slepp du å bli freista til å bruka pengane på noko anna i staden. Les meir om bufferkonto her

Fyll opp BSU kontoen din dersom du er under 34 år

Frå 2021 det mogeleg å spare 27.500 kroner på BSU-konto i året og få opptil 5.500 kroner i skattefrådrag kvart år. Dette gjeld berre for deg som ikkje allereie eig din eigen bustad. Sjekk ut dei nye reglene og les meir om BSU.

Opprett eit sparemål

Anten du sparar til eiga leilegheit eller til pensjon, er det ingen løyndom at det er enklare å lukkast med sparing viss du har satt deg eit sparemål. Opprett ein spareavtale for fondssparing, då går sparinga av seg sjølv og du har éin mindre ting å hugsa på. Last ned spareappen Smartspar og kom i gong med sparing. 

Bankrenta er framleis låg, og dersom du ikkje har spart i fond tidlegare kan dette vere eit godt høve til å begynne. Du treng ingen forkunnskapar og du kan sjølv velje kor mykje du ønskjer å spare. Nokre hundrelappar kvar månad er nok og det viktigaste er å kome i gong.    

Sist, men ikkje minst; 🍉Ta deg ein velfortent ferie

Det er viktig å lada batteria, så ferie bør du ta viss du har høve til det. Kva med å lage eit feriebudsjett og samtidig få ei betre oversikt over kva du brukar pengar på kvar månad? Viss du blir kjent med ditt eige forbruk, vil det vera lettare for deg å spara litt pengar i det daglege når kvardagen er tilbake igjen. Gode tips til Norgesferie finn du her

GOD SOMMAR ☀️

 

*  Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av marknadsutviklinga, forvaltar sin kompetanse, verdipapirfondet sin risiko samt kostnader ved teikning, forvalting og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap.