Nye reglar for IPS sparing

Med ny regjering kom også forslag om å endre reglane for pensjonssparing. Frå 1. januar 2022 blir maksimalt årleg sparebeløp på IPS-konto justert frå 40 000 kroner til 15 000 kroner. Frådragsprosenten er framleis 22 %, og årleg skatteutsetjing blir dermed justert tilsvarande ned til 3300 kroner. Når ein skal ta ut pengane ved pensjonsalder, vil skattesatsen vere 22 % i staden for inntektsskatt, som det var tidlegare. 

Kven passar IPS for?

IPS passar for deg som ønskjer og har høve til å spare litt ekstra kvart år for å ha litt ekstra til rådvelde når du pensjonerer deg. Du bør derfor vere komfortabel med å binde pengane til denne spareforma heilt til du går av med pensjon.

Vi meiner at sparing er den beste ideen i verda! Og sparing til pensjonsalderen er ein god idé for dei aller fleste av oss. 

Fordelar og ulemper ved å spare i IPS

Ein fordel med å spare i IPS er den utsette skatten du får på sparinga di. Den utsette skatten gjer at sparepengane dine framleis er i aksjemarknaden og kan reinvesterast. Pengar du skulle ha betalt i skatt, kan du då vere så heldig å få ein gevinst på i staden for. IPS-pengane er fritekne for formuesskatt og du betalar heller ikkje skatt på avkastninga du får i spareperioden. Du betalar med andre ord ikkje skatt før du tek ut pengane ved pensjonsalderen.

Det som for mange kan vere ein fordel, kan for andre vere ei ulempe. At sparepengane er bundne på ein IPS-konto og ikkje kan nyttast dersom noko uføresett skulle skje, kan for mange gjere at dei ikkje sparar i IPS. Eit lågare tillate sparebeløp gjev også mindre i skatteutsetjing, og det gjer det mindre gunstig å spare i IPS.

Uansett korleis du vel å spare, kan det kanskje vere rett tidspunkt for å gå gjennom sparinga di?    

Ja takk, begge delar!

Det er smart å spare til pensjon, og IPS-sparing kan framleis vere ein god sparemåte for deg som kan binde pengane dine fram til du pensjonerer deg. Kvifor ikkje spare både i IPS og i verdipapirfond? Ved å gjere begge delar «tvingar» du deg sjølv til å spare ein del som er bunden fram til du blir 62 år, og spare ein del som du sjølv kan nytte når du ønskjer det. Uansett korleis du vel å spare, kan det kanskje vere rett tidspunkt for å gå gjennom sparinga di? 

Nye IPS-reglar vil neppe endre sparevanane til folk vesentleg. Sparing er framleis den beste ideen i verda, anten du sparar på den eine eller den andre måten. Godt nytt spareår!