Dei som kjem på vising skal sjå for seg korleis det vil vere å bu der sjølv. Ein ryddig bustad gir òg inntrykk av å vere større. Bustaden bør vere møblert, men ikkje meir enn at han gir inntrykk av god plass. Reingjer, rydd og luft godt i heile bustaden, også garasje og bodar.

Nytt liv med maling
Å male er den lettaste og mest effektive måten å endre bustaden på. Sjølv om du er glad i sterke og morosame fargar, er lyse og nøytrale fargar det beste når du skal selje heimen din. Du kan heller pynte med små fargerike element, som puter i sofaen og liknande. Eit malingsstrok på slitne veggar, karmar eller lister kan også gi nytt liv til bustaden.

Skap eit godt heilskapsinntrykk
Reparer småting som er øydelagde og gøym unna lause leidningar. Inkluder små reparasjonar og vedlikehaldsarbeid du i utgangspunktet tenkjer ikkje tyder så mykje. Ei øydelagd list eller eit laust handtak er ikkje kostbart å utbetre, men det kan koste deg dyrt å ikkje gjere noko med det. Gå gjennom alle rom og sørg for at alle lys fungerer slik dei skal. Bruk riktige lyspærer med riktig watt, slik at alle rom framstår som lyse og innbydande ved hjelp av rett lyssetjing.

Ikkje gløym uteområdet
Gjer litt ekstra ut av fasaden eller hagen – det er det første folk ser når dei kjem på vising. Fjern syklar, tilhengarar, hagereiskapar og rot framfor bustaden. Luk i blomebed, eller set ut krukker med plantar eller blomar. Fei inngangspartiet og sjekk at eventuell utelys fungerer. Vask og rydd verandaen, og set gjerne fram stolputer og potteplantar.

Gjer bustaden innbydande
Lag ein behageleg atmosfære på badet. Bruk nøytrale, mjuke handklede og kanskje eit duftlys som du tenner til visinga. På soverommet er det viktig å lufte godt og reie opp sengene i reine, nøytrale sengkle. Eit pent sengeteppe er optimalt. Heilt til slutt kan det vere fint å kjøpe inn friske blomar, tenne stearinlys og fyre i peisen. Og kvifor ikkje bake heimelagde bollar den dagen det er vising?

Sjekkliste før vising:

  • Rengjer, rydd og luft godt i heile bustaden.
  • Rydd bort alle personlege eigedelar.
  • Klede, sko og andre lause eigendelar bør ryddast inn i skap.
  • Utfør alle små reparasjonar.
  • Mal i nøytrale fargar om det trengs. Sjå til at alle lys fungerer.
  • Rei opp senger og legg på sengeteppe.
  • Vask vindauga grundig før vising.
  • Skru på varmekablar i flislagte gulv.
  • Rydd og fei uteområdet.
  • Sørg for at plen og busker er klipte.
  • Gjer det hyggeleg på verandaen.
  • Rydd og vask trappeoppgangen.