Hopp til innholdet
Gren med rosa blomar i solskin.

Dødsbo - kva må du hugse på?

Det er mykje å setje seg inn i når ein i nær familie eller omgangskrets går bort. Kva må ordnast, og kva reglar må ein forhalde seg til? Vi har satt saman nokre tips for at det skal vere lettare å forstå og hugse på alt ein bør ta tak i med eit dødsbo.

Det kan følast vanskeleg å tenke på praktiske spørsmål når du nettopp har mista nokon nære. Før du kan begynne å ordne opp i avdødes økonomiske forhold, treng du skifteattest og nødvendige fullmakter. Dette må du ha for å få tilgang til kontoar, aksjar, fond, lån og forsikringar.

Kva er det første du må gjere?

Det første du bør gjere er å kontakte eit gravferdsbyrå. Det kan vere lurt å be om pristilbod og sjekke fleire byrå på førehand. Når nokon døyr, må melding om dødsfallet sendast til domstolen. Dette blir som regel gjort av gravferdsbyrået på vegne av dei etterlatte, men har du vore til stades under dødsfallet, er det du som er ansvarleg for at det blir meldt frå. Instansar som Folkeregisteret og NAV blir varsla automatisk. Gravferdsbyrået kan også hjelpe deg med det praktiske rundt dødsfallet, som for eksempel å stoppe telefon, utsette straumrekningar og/eller stoppe abonnement.
Det må veljast ein bobestyrar for dødsboet. Dette kan anten vere ein arving eller ein advokat. Hugs å omadressere all post til bobestyrar så snart denne er vald.
Etter at domstolen har registrert dødsfallet, må du bestemme deg for offentleg eller privat skifte. Dette har du 60 dagar på, men retten kan gi deg lengre frist dersom du treng det. All informasjon rundt skifte finst på domstol.no. Les også definisjonane i botnen av denne artikkelen.  

Det er også lurt å skaffe seg oversikt over avdødes formue og gjeld. Til dette treng du ei formuesfullmakt som gir deg tilgang til opplysningar frå offentlege instansar som skatteetaten, i tillegg til for eksempel bankar og forsikringsselskap. Er du i tvil om avdøde etterlet seg meir gjeld enn formue, bør du ikkje utan vidare underteikne på gjeldsansvaret. Då vil du nemleg stå ansvarleg for all gjeld avdøde etterlet seg. Er du usikker, kan du utstede proklama – då har kreditorar frist på å melde inn krav innan seks veker, elles bortfell som regel gjelda.

 

Det er viktig at du sender inn riktig informasjon for å få tilgang til avdødes midlar.

  • Kopi av skifteattest
  • Kopi av fullmakter

Fullmakt ved privat skifte må liggje føre dersom du skal kunne gjere disposisjonar på vegner av dødsbuet. Gravferdsutgifter, husleige, straum, forsikringar og restskatt kan betalast frå avdødes konto før skifteattest ligg føre. Du bør ikkje gjennomgå avdødes eigedelar før du har mottatt skifteattest. Dersom du må inn i leilegheita av andre årsaker, bør du ta med vitne då dette eventuelt kan medføre til usemje mellom arvingane i ettertid.

  • Kopi av gyldig legitimasjon

Mange har private forsikringar i tillegg til å vere forsikra gjennom arbeidsforhold. Når dødsfallet er registrert i Folkeregisteret, blir brev med informasjon om avdødes livs- og pensjonsforsikringar sendt til avdødes adresse.

Dersom du er fullmektig eller arving og ønskjer opplysningar om kvar avdøde har livsforsikringar og pensjonar, får du ein oversikt ved å sende inn skjema til Norsk Pensjon.

Kva gjer banken

Når vi mottar melding om eit dødsfall, blir avdødes kundeforhold sperra. Vi avsluttar kort, BankID, nettbank, fullmakter, alle eFaktura, alle AvtaleGiro, faste trekk og brevgiro. Rekningar i avdødes namn som må betalast (for eksempel husleige, straum, forsikring) kan belastast avdødes konto før uskifte/skifteattest ligg føre, så lenge det er dekning på konto. Rekningar til gravferdsutgifter kan også belastast avdødes konto dersom det er dekning på konto. Kontoane er også opne for innbetalingar.
Faste betalingsavtalar blir stoppa og sletta fordi nettbank blir sletta og konto sperra. Leverandørar vil då normalt sende papirfaktura i posten, noko som gjer det enklare for pårørande å sjå løpande betalingsavtalar og be om eventuell betalingsutsetting.

Fast trekk frå konto til bustadlån hos oss vil fortsette etter dødsfall. Har avdøde lån, må det innfriast, refinansierast eller overførast så snart som mogleg, normalt innan seks månader frå dødsdato. Så lenge skifteprosessen pågår, kan lånet fortsatt stå i avdødes namn og betalast som normalt. Dersom lånet blir trekt automatisk frå avdødes konto, vil trekket fortsette så lenge det er dekning på kontoen.

Faste trekk til andre typar lån enn bustadlån hos oss, blir stoppa og faktura sendt i posten til avdødes adresse. Det gjer det enklare for dei etterlatte å sjå løpande betalingsavtalar og be om eventuell betalingsutsetting.

 Følgande pensjon kan arvast:

  • Innskotspensjon
  • Pensjonskapitalbevis
  • Eigen sparing

Følgande pensjon kan ikkje arvast:

  • Pensjon frå Folketrygda
  • Avtalefesta pensjon (AFP)
  • Fripolise med/utan investeringsval
  • Ytelsespensjon

Nokre definisjonar

Når nokon døyr oppstår det eit dødsbo. I eit dødsbo inngår alt av avdødes eigedelar og gjeld, rettar og forpliktingar. Dødsboet skal handterast etter gjeldande lover og reglar.

Arveoppgjer, eller dødsboskifte som det også blir kalla, er den juridiske og praktiske avviklinga av alt som avdøde har etterlate seg av eigedelar og forpliktingar, og fordelinga av det som er igjen etter at utgifter og forpliktingar er gjort opp. Er det berre ein arving, opphøyrer dødsboet raskt. Er det fleire arvingar må gjeld og forpliktingar gjerast opp, eigedelar seljast, gjevast bort eller fordelast mellom arvingane.

Fordelinga må skje i samsvar med Arvelova, Skiftelova, Ekteskapslova og eventuelt testament. Eit dødsbo består gjerne av hus/leilegheit, fritidsbustad, bil, båt, kunst, smykke og anna inventar. Nokre ting har mykje verdi – andre er verdifulle på grunn av affeksjonsverdien. Det kan derfor vere lurt å verdsetje enkelte eigedelar før ein fordeler. Fordeling av arv er gjerne emosjonell og kan vere krevjande, ikkje minst fordi prosessen kan ta lang tid.

Skifte er eit av dei eldste juridiske omgrepa vi har, og betyr kort og godt «deling». I samanheng med dødsbo er eit skifte altså overføringa av avdødes verdiar til gjenlevande ektefelle, sambuar eller andre arvingar.

Dette inneber også eventuell gjeld avdøde har. Dødsboet, eller arven, blir regulert av Arvelova, Skiftelova og Ekteskapslova, og eventuelt testament. Arven blir fordelt deretter.

For å få innsyn i avdødes økonomi, må arvingar ha ein skifteattest. Denne får du frå Tingretten, og er eit dokument som opplyser kven som er arvingar i buet. Skifteattesten gir deg rett til å disponere over buet. Du treng ein skifteattest for å kunne legitimere deg som rette arving, og for å kunne ordne det praktiske i samband med buoppgjeret.

Dersom de er fleire arvingar, må den som påtek seg skifteoppgjeret hugse å få fullmakt frå dei øvrige arvingane som har overtatt gjeldsansvaret. Dette er viktig ettersom skifteattesten gir deg tilgang til formuen som avdøde etterlet seg, for eksempel når du skal disponere over eller seie opp avdødes bankkonto.

Vanlegvis får du skifteattesten 1-2 veker etter at domstolen har fått skjemaet.

Ein bostyrar er den som administrerer dødsboet og tar seg av det praktiske og juridiske arbeidet i samband med både privat og offentleg skifte av dødsbo. Bostyrar kan vere advokat, revisor, ein av arvingane (vanlegvis kompensert økonomisk) eller ein annan de stolar på.

Det kan bli usemjer i samband med arveoppgjer, så det kan vere lurt å velje ein advokat som bostyrar. Ein bostyrar har mykje ansvar – arvelov og testament skal følgjast, skifteattest skal liggje føre, sal og fordeling av eigedelar skal organiserast, og rekneskap og sjølvmelding skal sendast inn, samt at arvingar jamleg skal informerast.

Er rettsområdet som regulerer arv, hovudsakleg korleis fordelinga av formuesgodane til ein avdød person skal skje mellom arvingane. Sjølv om det i Noreg er lovregulert pliktdelsarv til livsarvingar (barn og barnebarn) og ektefellearv, er det like fullt mange som vel å opprette eit testament.

Dette blir gjort fordi ein føler eit behov for å sikre sine arvingar mot unødig konflikt, eller for å utjamne tidlegare ulikheiter mellom arvingane. Det kan også vere at ein ønskjer å tilgodese personar eller organisasjonar som ikkje har arverett etter lova.