Fakturere med KID (OCR og eGiro)@headingTag>
Spar tid og penger med effektiv fakturering
Når du sender faktura med ferdig utfylt KID-nummer slepp du manuell registrering av innbetalinga.
Dette er OCR giro
Faktura med KID passar for deg som ønskjer ei enklare og raskare avstemming av innbetalingar. Når kundane dine betaler med KID blir dei automatisk identifiserte med KID-nummer, og informasjonen lesast rett inn i rekneskapssystemet for automatisk oppdatering.Vår OCR-løysing sikrar ei effektiv oppdatering av kundereskontro som forenklar handtering av kundefordringar og bidrar til auka effektivitet, samtidig som du får betre kontroll.
Mange innbetalingar utan KID?
Har bedrifta di mange innbetalingar utan KID, anbefaler vi at du brukar andre innbetalingstenester som cremul, eGiro eller innbetaling total. Då vil innbetalingar utan KID også oppdaterast automatisk i rekneskapssystemet.Ta kontakt med din rådgivar i banken, så hjelper vi deg med å kome i gang.
Kontakt oss om spørsmål knytt til dagleg drift
Monica Hybertsen da Silva
Rådgjevar forsikring & cash management
57 64 85 31