Du kan velje mellom følgjande spareprofilar med Eika Innskotspensjon:
- Eika Pensjon 30: 30 % aksjefond, 70 % rentefond.
- Eika Pensjon 55: 55 % aksjefond, 45 % rentefond.
- Eika Pensjon 80: 80 % aksjefond, 20 % rentefond.
- Eika Pensjon 100: 100 % aksjefond.
Ved å ha innskotspensjon gjennom banken din, vert pensjonsinnskotet for dine tilsette investert i Eika-fond, sett saman til ulike "pensjonsprofilar". Kvar profil har ulik grad av risiko og avkastningspotensiale. Det er andelen aksjefond som bestemmer risikoen; jo høgare andel aksjar, jo høgare forventa risiko og forventa avkastning.
Dei fleste vel Eika Pensjon 100 som oppstartsprofil for sine tilsette. Historisk har det lønt seg med høg andel aksjar når sparehorisonten er lang. Kvar tilsett kan sjølv endre pensjonsprofilen sin om dei ynskjer ein annan risiko enn den verksemda har valt. Aksjeandelen trappast automatisk ned til Eika Pensjon 30 frå alder 57-67 år.