Bankgaranti@headingTag>
Den lille ekstra tryggleiken i ein avtale
Vi garanterer at eit bestemt beløp blir utbetalt dersom bedrifta di ikkje klarar det innan avtalt tid. Lurer du på noko rundt ein slik bankgaranti, er det berre å ta kontakt med oss.
Korleis fungerer bankgaranti?
Ein bankgaranti er eit bindande løfte frå banken om å utbetale eit bestemt beløp til ein tredjeperson, dersom banken sin kunde ikkje oppfyller sine forpliktingar. På denne måten fungerer garantien som tryggleik for mottakaren. Sidan banken stiller som kreditor, må vi ta pant for å stille tryggleik for di bedrift.
Forpliktingane kan for eksempel vere levering av varer, utføring av oppdrag eller kontantbetaling. Uansett type forplikting, tar banken berre på seg ansvaret for betalinga og ikkje for å levere den opprinnelige forpliktinga.
Garantitypar kan vere entreprenørgaranti i henhold til norsk standard eller bustadsoppføringslova, betalingsgarantiar, forskotsgarantiar, med meir.
Kontakt oss om finansiering
Bjørn Moheim
Rådgjevar bedrift
57 69 88 55
Britt Julusmoen Bakk
Bedriftsrådgjevar - fagansvarleg kreditt
57 64 85 20
Sander Bjørkum Øvstetun
Rådgjevar bedrift
57 64 85 40