- Me gler oss til premieren på søndag og håpar mange får augene opp for spektakulære Sogn, seier banksjef Mads Indrehus.

71 grader nord er ein norsk realityserie som har gått på TVNorge sidan 1999. Konseptet går ut på at ei gruppe deltakarar skal ta seg frå Lindenes til Nordkapp. Turen er delt inn i fasar og ein deltakar vert sendt heim i kvar episode. Det er ein konkurranse og ein deltakar som står att som vinnar til slutt, men for å nå målet må deltakarane samarbeide og ofte utfordre sine eigne grenser.

Ynskjer du å gå i fotspora til kjendisane?
Etter kvar etappe vil du få anledning til å lese kva kjendisane har opplevd.  I tillegg får du massevis med tips til aktivitetar og ting å oppdage i nærområdet.  Gå i fotspora til 71 grader nord

Banksjef Mads Indrehus
Banksjef Mads Indrehus
 

Kvifor støttar Sogn Sparebank dette? 
Hovudmotivasjonen vår for å støtte profileringskampanjen som Visit Sognefjord har utarbeida i samband med 71 grader nord er at me ynskjer å vere med på å vise fram Sogn på sitt aller beste. 

– Me er ein stolt sognabank, og vil vere ein medspelar både for næringslivet og innbyggjarane elles. Deler av næringslivet har vore gjennom tøffe tak som følgje av pandemien, og me vonar at kampanjen  kan bidra til at endå fleire får augene opp for Sogn som reisemål, seier banksjef Mads Indrehus. 

Sjå gjerne artikkel i Sogn Avis

Gå i fotspora til 71 grader nord