Styreleiar Per Kopperdal og styremedlem Geir Kjetil Øvstetun er begge svært nøgde med den nye hovudsponsoravtalen. - Sogn Sparebank har vore ein god samarbeidspartner over fleire år, og me er veldig glade for at dei framleis vil vere med oss. Den nye avtalen viser at dei verkeleg ynskjer å bidra lokalt og til utvikling av fotballen i Årdal.

Frå før er lokalbanken tribunesponsor for Sogn Sparebank-tribuna på Jotun Stadion. Tribuna gjev sitteplassar til 1000 menneske under tak, samt kiosk og toalettfasilitetar. 

-  Sogn Sparebank ynskjer å vere ein aktiv medspelar i lokalmiljøet og me er veldig nøgd med å halde fram samarbeidet med Årdal FK. Å vere til stades på stadion for å heie fram laget sitt skapar fellesskap og engasjement. Me treng aktivitet og liv i bygdene våre, og gjennom denne avtalen kan me saman vere med på å skape ein positiv skilnad, seier kommunikasjonsansvarleg Ragnhild Skahjem Tofastrud.

Me ynskjer Årdal FK lukke til!