Det skal veljast representant frå eigenkapitalbeviseigarane i Sogn Sparebank til generalforsamlinga og styremedlem til styret i banken.
Når er valet?
Valet vert gjennomført på kontoret på Årdalstangen 25. februar kl. 19.00. Du må melde deg på i forkant for å delta på møtet.
Her er innkallinga til valmøte for eigenkapitalbeviseigarar
Påmelding til valmøte
Eigenkapitalbeviseigarar som vil delta i valet må melda seg på til val@sognbank.no innan 22. februar kl. 19.00. Fyll ut påmeldingsskjemaet og legg det ved i eposten.
Det vert også mogeleg å delta elektronisk via Skype.
Fullmakt
Har du ikkje høve til å møte, kan du sende ein anna representant med fullmakt. Last ned fullmaktsskjema.
Offentleggjering av framlegg til kandidatar
Medlem Generalforsamling:
- Rune Vikøren
- Grzegorz Stefanski
- Martin Jakob Nagel
Varamedlem Generalforsamling:
- Ole Kristian Asperheim
Medlem til styret:
- Håkon Seim Lysne
Medlem i valnemnd:
- Alexander Freberg
Kva er Generalforsamlinga sitt mandat?
Generalforsamlinga skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtekter. Generalforsamlinga er øvste avgjerdsmakt i sparebanken.
Kven utgjer Generalforsamlinga i Sogn Sparebank?
Generalforsamlinga består av 34 medlemmar med 18 varamedlemmar.
Kundevalde o 12 medlemer og 6 varamedlemer valgt av og blant sparebanken sine kundar
Kommunevalde
o 2 medlemer og 1 varamedlem valgt av kommunestyret i Årdal.
o 1 medlem og 1 varamedlem valgt av kommunestyret i Lærdal.
o 3 medlemer og 2 varamedlemer valgt av kommunestyret i Aurland.
o 3 medlemer og 2 varamedlemer valgt av kommunestyret i Vik.
Tilsettevalde
o 6 medlemer og 3 varamedlemer valgt av og blant dei tilsette i banken.
Eigenkapitalbeviseigarvalde
o 7 medlemer og 3 varamedlemer valgt av og blant eigarane av eigenkapitalbevis
Spørsmål?
Kontakt generalforsamlingssekretær Anette Jevnaker på val@sognbank.no eller tlf. 908 98 154.