Fly over skyene

Flyr er konkurs

Våre råd ved reklamasjon.

Dette gjeld i samband med reklamasjon

Flyselskapet Flyr er begjært konkurs og mange tek kontakt med oss i samband med reklamasjon. Har du forhåndsbetalt for ei vare eller teneste hjå eit selskap som er begjært konkurs kan du oppretta ein reklamasjonssak for å få beløpet refundert.  

I tilfellet med Flyr gjeld reklamasjonssak berre for beløpet du har betalt for flybillettane.
Har du bestilt ei pakkereise, må du ta kontakt med reisearrangøren for å ombooke reisa.

Korleis reklamerar ein? 


Når du vel "Opprett reklamasjon " vil portalen for pålogging hjå Nets komme opp i ei ny fane i din nettleser. Nets er vår samarbeidspartnar og leverandør av portalen du loggar inn på ved hjelp av BankID.   

Reiseforsikringens vilkår for konkurs

Mange er kanskje ikkje klar over at reiseforsikring ikkje vil gjelde ved ein konkurs. Kundar kan difor ikkje søkje erstatning for tur- eller ekstrautgifter via reiseforsikringa. Dette er bransjestandard og gjeld for alle selskap.