Kjære privatkunde,

Vi veit at det kan vere krevjande når kjende banktenester vert endra på, og vi ynskjer å hjelpe deg så godt vi kan. Her følgjer viktig informasjon i endringar knytta til tenestene giro- og kontanthandtering over skranken. Endringane gjeld på kontora i Aurland og Vik.

Handtering av giro
Giroane vert ikkje lengre behandla over skranken, og vi viser deg korleis du sjølv stemplar og legg giroane dine i ein girokasse. Girokassen er låst, og me har etablert gode daglege rutinar for trygg etterbehandling av giroane dine. 

Girokassen og stempel finn du inne i banklokalet.
Du kan også trygt levere giroar i luka i minibanken merka «Post til banken». Denne ordninga er open og tilgjengeleg heile døgnet.

Vi er sjølvsagt tilgjengelege og hjelper deg med å komme inn i den nye ordninga. 
Ei god løysing for dei som har nettbank, er å gå over til avtalegiro eller e-faktura, noko som er ein rimelegare måte å betale rekningane sine på. Ynskjer du, kan vi hjelpe deg med det 😊


Uttak og innskot av kontantar over skranken
Det vert ikkje lengre mogeleg å ta ut eller setje inn kontantar over skranken. Vi viser deg korleis du tek ut kontantar i minibanken og nyttar innskotsautomaten for å setje inn kontantar på konto. Både minibanken og innskotsautomaten er tilgjengelege heile døgnet.

Minibanken har ei dagleg grense på kr 9 900 per kort. Har du behov for større beløp, anbefalar vi at du planlegg å ta ut over fleire dagar eller vurderar alternative betalingsmåtar.
Minibanken er open kvar dag, heile døgnet. Me bestiller sjølvsagt visakort til dei som ikkje har det frå før, og syner deg korleis minibanken fungerar. 

Me minnar også om at det er mogeleg å gjere innskot og uttak i alle butikkar knytta til Norgesgruppen og uttak får ein i dei fleste butikkar.

Vi hjelper deg!

Kontora er open kl. 10 – 14, elles har me flinke folk på kundesenteret som hjelper deg på telefon 57 64 58 10 frå kl. 08.30 – 15.30.

Har du på førehand avtalt eit møte, er du sikker på at vi har god tid. Velkommen inn på ein kopp kaffi og ein prat, så viser vi deg korleis desse tenestene skal løysast i framtida.

Saman skal vi nytte perioden frå no og fram til årsskiftet for å vise, øve og hjelpe deg med endringane.