Styresmaktene har pålagt alle norske bankar å «kjenna» kundane sine.

Me ber deg difor å svara på nokre spørsmål slik at me veit meir om korleis du brukar produkta og tenestene våre. Nokre av spørsmåla er lovpålagde og kan opplevast som litt uvanlege.

 

Me reknar med at du vil bruka eit par minuttar på spørsmåla.

 

Når du har logga deg på nettbanken vil du få to alternativ, utset eller neste.

Du kan utsetje å svara to gonger, tredje gongen du loggar på nettbanken må du svara på spørsmåla for å gå vidare til nettbanken. Difor oppmodar me om at du svarar på spørsmåla første gong dei kjem opp i nettbanken din.

 

Dersom du har spørsmål kontakt kundesenteret på e-post;  nettpost@indresognsparebank.no eller telefon 57 64 85 10 mellom kl. 08.30 – 15.30.