Book tid - me hjelper deg!
At Sogndal vert eit reint rådgjevarkontor vil seie at det ikkje lengre er mogeleg å kome innom utan at du har avtalt tid eller møte.
I ein hektisk kvardag trur me dette  vil sikre at du som kunde møter ein godt førebudd rådgjevar til avtalt tid, og at du får heilskapleg rådgjeving tilpassa ditt behov. 

I praksis vil det seie at du må avtale tid med din rådgjevar over epost eller telefon før du kjem i banken. Kundesenteret kan også hjelpe deg med å booke tid, samt løyse utfordringar med kort, betaling, nettbank. Sjå kontaktinfo til kundesenteret nedst.

Fordelar ved planlagte kundemøter
Du slepp å vente på tur, rådgjevaren din er klar til avtalt tidspunkt.
Rådgjevaren møter førebudd og har sett seg inn i dine behov.
Me yter betre service.

Møter utanom arbeidstid? OK! 
Kundemøtene kan finne stad i vanleg arbeidstid, mellom kl. 08.00 og 16.00.
Me forstår at ikkje alle har høve til å snakke med oss i arbeidstida si, og tilrettelegger difor for kundemøtar utanom ordinær arbeidstid for dei som har behov for det.  Dette avtalar du direkte med rådgjevaren din. 

Korleis signere avtalar?
Mange avtalar kan handsamast og signerast elektronisk. Det får vi mogelegheita til å avklare med deg ved ei møtebestilling. 

Kundesenteret hjelper deg også :) 
Har du utfordringar med nettbank eller kort, og trenger å få løyst det med ein gong? Ring dei flinke folka våre på kundesenteret vårt på telefon 57 64 85 10 eller epost post@sognbank.no. 

Me i banken bryr oss om deg. I ein hektisk kvardag trur me at desse grepa sikrar effektiv bruk av tida di, og ei betre kundeoppleving.