Kundesenteret til Sogn Sparebank er hjarta i banken vår. Når du kontaktar oss i førstelinje treff du enten på årdølen Catrin, vikjene Dorota og Kirsten, Vigdis frå Jostedalen eller Kjartan frå Lærdal. Dei strekk ut ei hjelpande hand til kundane våre, og reddar ofte dagen enten det er små eller store utfordringar som kjem inn. 

No er vi på jakt etter fleire lagspelarar som kan vere med på å hjelpe kundane med å finne dei beste løysingane. 

Dette vert kundekoordinator sine viktigaste arbeidsoppgåver:
Vere organisasjonen sitt ansikt utad 
Avdekke kundebehov og formidle banken sine produkt
Handsama spørsmål og saker frå kundane
Sikre rask respons og gode svar 
Møtebooking

Du har følgjande kvalifikasjonar:
Du har helst relevant utdanning innan økonomi, men erfaring og god realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse. 
Du har eller kan tileigne seg kunnskap innan forsikringsområdet

Personlege eigenskapar
Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny (digital) kompetanse

Dette kan du forvente: 
Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for eigen utvikling
Gode moglegheiter til å påverke miljøet og eigen arbeidssituasjon
Konkurransedyktige vilkår
Ein av marknaden sin beste pensjons- og forsikringsordning

Vi håpar å høyre frå deg! 

Har du spørsmål? 
For spørsmål og meir informasjon om stillinga kan du kontakte leiar privatmarknad, Magne Klepp på tlf. 976 35 919, eller leiar HR, Ingeborg Indrelid, på tlf. 472 44 089. 

Send søknad med CV til iin@sognbank.no så snart som råd.