Her følgjer resultatet av Sogn Sparebank sitt kundeval. Det er Generalforsamlinga i banken som endeleg godkjenner valet.  

Aurland
Medlem: Eva Laastad
Varamedlem: Thomas Rastad

Årdal/Lærdal
Medlem: Alf Roger Lereng
Varamedlem: Inger Bakken

Vik
Medlem: Leentje van der Wal

 

______________________________

Når er valet?

Valet vert gjennomført i perioden 18. - 25. februar. 

Korleis kan eg stemme? 
Lever stemma di i skranken ved ditt næraste kontor. 
Det er mogeleg å stemme på alle kontora våre (med unntak av Bergen), i opningstida kl. 10 - 14. 25. februar vert det langope frå kl. 10 - 17 på kontora i Aurland, Vik og Årdalstangen.  

Fullmaktskjema
Har du ikkje høve til å møte kan du sende ein representant med fullmaktskjema. Fullmaktsskjema er også tilgjengeleg på kontora og me hjelper til om du treng å skrive ut.

Kven kan røyste ved kundevalet?

Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner har stemmerett ved val av kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga.
Kvart kundeforhold gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn 2 stemmer, ei på grunnlag av eige kundeforhold, og ei som representant for annan kunde.

Kundevalde på val i Aurland
Rune Tokvam
Thomas Rastad
Bengt Erlend Skjerdal
Harald Winjum
Eva Laastad
Anita Hylland
Lene Hagen
Erna Underdal Skarsbø 

Kundevalde på val i Vik
Leentje van der Wal

Kundevalde på val i Årdal/Lærdal
Alf Roger Lereng
Inger Bakken 

 

Kva er Generalforsamlinga sitt mandat? 
Generalforsamlinga skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtekter. Generalforsamlinga er øvste avgjerdsmakt i sparebanken. 

Kven utgjer Generalforsamlinga i Sogn Sparebank? 
Generalforsamlinga består av 34 medlemmar med 18 varamedlemmar.
Kundevalde
 o 12 medlemer og 6 varamedlemer valgt av og blant sparebanken sine kundar

Kommunevalde
o 2 medlemer og 1 varamedlem valgt av kommunestyret i Årdal.
o 1 medlem og 1 varamedlem valgt av kommunestyret i Lærdal.
o 3 medlemer og 2 varamedlemer valgt av kommunestyret i Aurland.
o 3 medlemer og 2 varamedlemer valgt av kommunestyret i Vik.
Tilsettevalde
o 6 medlemer og 3 varamedlemer valgt  av og blant dei tilsette i banken.
Eigenkapitalbeviseigarvalde
o 7 medlemer og 3 varamedlemer valgt av og blant eigarane av eigenkapitalbevis

Spørsmål?
Kontakt generalforsamlingssekretær Anette Jevnaker på val@sognbank.no eller tlf. 908 98 154.