Banken må rigge seg for framtida, og møte marknadsendringar og endra kundevanar som følgje av digitaliseringa. Målet er sjølvsagt å verte den føretrekte og endå meir konkurransedyktige lokale sparebanken i Sogn.

Me i banken er inne i ein omstillingsprosess, der vårt viktigaste fokus er å sikre ei god og trygg bankdrift, og ivareta kundane våre.

Som eit ledd i omstillingsarbeidet har me mellom anna gjennomført ein prosess rundt frivillige sluttavtalar for dei tilsette i banken. Me er sikre på at me har med oss solide og dyktige lagspelarar vidare, og den nye organisasjonen vil verte presentert på nettsidene så snart den er klar. Alle kundar vil få beskjed ved eventuelt byte av personleg kunderådgjevar.

Sogn Sparebank er ein bank som er eigd og styrt frå Sogn, og som gjev tilbake til lokalsamfunna i Sogn ved hjelp av sponsormidlar og gåvemidlar. Det er viktig for oss å sikre arbeidsplassar lokalt, og me skal framleis vere fysisk til stades med kontor i Aurland, Lærdal, Sogndal, Vik, Øvre Årdal og Årdalstangen. I tillegg har me kontor i Bergen.

Me er lett tilgjengeleg for sogningar i bygdene våre, utflytte sogningar – og alle som skulle ynskje at dei var sogningar. Det er sutalaust å vere kunde i Sogn Sparebank, og det skal det også vere framover.