Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar. 

Me trur vår neste medspelar i Sogndal har desse eigenskapane

  • Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som er oppteken av å spele andre gode.
  • Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å skape vekst
  • Relasjonskapande og analytisk
  • Engasjerande og imøtekommande
  • Tek endringar på strak arm og er open og nysgjerrig
  • Sterkt kundefokus og oppteken av å halde seg fagleg oppdatert


Det er ynskjeleg at du har følgjande kvalifikasjonar

  • Interesse og forståelse for økonomi
  • Fordel med relevante autorisasjonar
  • Relevant utdanning innan økonomi, relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
  • Fordel med erfaring eller god kjennskap til næringslivet
  • Evne til å gjere sjølvstendige og analytiske vurderingar

Arbeidskvardagen din i korte trekk

  • Bygge og utvikle relasjonar med nye og eksisterande privat- og næringskundar i Sogn
  • Vere ein aktiv brubyggar mellom bedrifts- og privatmarknad
  • Gjennomføre rådgjevingssamtalar innan bank, forsikring, sparing og plassering
  • Utadretta salsaktivitet
  • Skreddarsy dei beste løysingane for kvar enkelt kunde


Me tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for eigen utvikling
  • Høg grad av tillit og gode moglegheiter til å påverke eigen arbeidssituasjon
  • Fleksitidsordningar
  • God og strukturert opplæring
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ein av marknaden sin beste pensjons- og forsikringsordning
  • Arbeidsstad er Sogndal


Vil du vite meir?
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat, eller send oss ein epost så tek me kontakt med deg.

Kontakt gjerne leiar HR Ingeborg Indrelid, på tlf. 472 44 089 iin@sognbank.no

Søknadsfrist: 1. april
Me ser fram til å høyre frå deg!