Fleire kundar har meldt i frå til oss om at dei har motteke ein sms med informasjon om at bank-id avtalen går ut, og at avtalen vert fornya ved å klikke på ei lenke i same melding. I lenka vert kunden bede om å oppgje personnummeret sitt. Meldinga kjem frå eit tilsynelatande vanleg mobilnummer.

Det pågår også forsøk på sms-svindel frå avsendarar som gjev seg ut for å vere Vipps.

Mottek du ei slik melding, eller ei som liknar: ikkje klikk på lenker, og slett meldinga.

Banken vil aldri be deg om å dele passord eller PIN-kodar, og heller ikkje be om sensitive personopplysningar per epost eller sms.

Ta ein titt på Eika sine sikkerhetstips, så er du ekstra godt skodd for å avdekke eventuelt nye svindelforsøk.