Gåvefond

Søknadsfrist 13. mars

Som lokalbank deler me kvart år ut ein del av fjorårets overskot til allmenyttige føremål.

Fondsmidlane skal ha til hensikt å støtte opp om aktivitetar i lag og organisasjonar og andre gode samfunnsnyttige føremål som skapar trivsel, utvikling og mangfald.

Sogn Sparebank er oppteken av å vera tilstades i lokalmiljøet, vera ein god støttespelar og gir gjennom gåver og anna støtte til,  kultur, idrett, lag/organisasjonar og andre samfunnsnyttige føremål.

 

Føremål

Allmennyttige føremål er føremål som kjem flest mogleg til gode i dei kommunane Sogn Sparebank har avdelingskontor. Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal.

Gåvene skal skapa verdiar og hjelpe lag og organisasjonar til å gjennomføre ideear og tiltak som er til nytte for allmenta.

Dette gjeld både idrett, lag og organisajonar, kultur, humanitære føremål, kompetanse/utdanning, forskning, næringsutvikling og humaitære føremål.

 

Kven kan søke

Alle lag, organisasjonar, samt andre allmen nyttige  føretak/prosjekt i vårt lokalområde.

 

Korleis søke

Fyll ut vedlagt søknadsskjema. Alle felt må fyllast ut.

Søknaden må sendast banken innan 13. mars for å kome med i betraktning.

Søknadskjema

Bruk av tildelte midlar

Det vert føresett  at alle som får tildelt midlar frå Gåvefondet, utarbeidar ein evalueringsrapport som orienterar om både sluttreknskap og aktivitetsresultat. Om prosjektet ikkje blir gjennomført kan banken krevje pengane attende.

 

Avslag

Styret i banken vil ikkje grunngje eventuelle avslag på søknadar.