I vår vart det bestemt at det nye lensmannskontoret for Årdal, Aurland og Lærdal skal vere  i Sogn Sparebank sitt bygg i Lærdal. Me er no klare for å setje i gong eit omfattande arbeid med modernisering og oppgradering av heile bygget vårt i Lærdal. To viktige samfunnsfunksjonar samlast no under same tak, politi og bank.

I samband med ombygginga, vert også banken sine lokale pussa opp. Medan arbeidet foregår vil me ha kontor i den gamle vegtrafikkstasjonen på Grandane i Lærdal. 

Frå måndag 30. august finn du oss på Grandane i Lærdal.
Me er ope måndag til fredag kl. 10.00 - 14.00.
Avtal gjerne tid for bankprat også utover denne tida. 

Minibanken og girokassen vert ståande der dei er i dag.
Bankboksane vil bli avvikla i samband med ombygginga til nye lokaler. Informasjon om dette vert sendt dei kundane det gjeld. 


Korleis gjere avtale?

Kundesenteret kan hjelpe med alt relatert til daglegbank, kort, nettbank, føringar osv.
Man- fre kl. 09.00 - 15.00
Tlf. 57 64 85 10
post@sognbank.no