Viktig melding om oppdatering av legitimasjon og kundeopplysningar

Legitimasjon

Sjølv om du har vore kunde hjå oss i mange år eller har eit nytt kundeforhold, er det både viktig og ei tryggheit for deg og oss at du er legitimert rett. Det betyr at du må hjelpe oss med ein viktig ting - å vise at du er du. Dette er òg eit lovpålagd krav.

 

Dei av kundane våre som må vise fram oppdatert legitimasjon vil få ei melding/SMS frå oss om dette. Dersom du likevel har eit ærend hjå oss før du eventuelt blir kontakta, må du gjerne ta med passet ditt slik at vi får sjekka at legitimasjonen vi har på deg er god nok etter innskjerpa krav. Dette for å hindre misbruk av identiteten din eller at norske bankar blir brukt som ledd i kvitvasking eller terrorfinansiering.

 

Kva betyr dette for deg?

Vi ber deg difor koma innom eit av kontora våre for å registrere gyldig legitimasjon på deg og eventuelt andre familiemedlemer, innan 01. november 2019. Bur du ikkje i nærleiken av eit av kontora våre eller fristen er for kort, kan du ta kontakt med oss på post@sognbank.no for å finne ei løysing.

 

For å vere sikker på at du òg framtida skal ha tilgang til alle tenestene våre, tilrår vi at du legitimerer deg med pass. Dersom du ikkje brukar bankID kan vi òg godkjenne andre typar legitimasjon.

 

Vi beklagar ulempa dette medfører, men håpar på forståing for at tilstrekkeleg legitimasjon er nødvendig for å beskytte deg mot ID-tjuveri, svindelforsøk eller annan økonomisk kriminalitet.

Les meir om legitimasjon her:   www.sognbank/legitimasjon

 

Les meir om kva dette betyr for deg      her

 

Kundeerklæring

I tillegg til krav om legitimering, vil fleire av kundane våre òg oppleve å måtte svare på nokre spørsmål om kundeforholdet (kundeerklæring) sitt ved innlogging i nettbanken/mobilbanken. Dette er òg ein del av den lovpålagde oppfølginga av kundane våre.

 

Kva skjer dersom du ikkje viser legitimasjonen din eller svarar på kundeerklæringa?

Tilstrekkeleg legitimasjon er avgjerande for eit kundeforhold med banken. I tilfelle der banken ikkje mottek tilstrekkeleg informasjon vil vi dessverre måtte vurdere å sperre BankID, kort og kontoane dine. Dette for å hindre at identiteten din og avtalane dine kan misbrukast av andre.