1. Betre avgjerdsgrunnlag og lokalkunnskap
    Nokre få kilometer kan ha mykje å seie. Rådgivarane i storbankane sit gjerne i Oslo. Den geografiske avstanden gjer at dei ikkje har den same oversikta over kva som skjer i lokalområdet vårt, og heller ikkje eit like godt avgjerdsgrunnlag når dei skal vurdere søknader.

  2. Smidigare system enn storbankane
    Det finst eksempel på at nasjonale bankar har sagt nei til gode søknader – som vi seinare har sagt ja til. Større kunnskap om lokalt næringsliv er hovudgrunnen, men vi er òg smidigare som lokalbank. Dei nasjonale bankane må ofte rette seg etter svært rigide retningslinjer som ikkje er tilpassa lokale forhold.

  3. «Kortreiste» avgjerder
    Hjå oss er det kortare veg mellom rådgivar og endeleg avgjerdsmakt. Vi kan sjå bak tala og kan tenkje litt utanfor den aksepterte «boksen» til storbankane.

  4. Like mykje rådgivarar som bankfolk
    Det er ingen som kjem så tett på den operasjonelle sida av verksemda til ei bedrift som rådgivarane i lokalbanken. Lærdommen kan vi overføre til kundar i andre bransjar. Mellom anna hender det at vi i lokalbanken fungerer som nettverksbyggjar mellom bedrifter som leitar etter samarbeidspartnarar.

  5. Vi bryr oss litt ekstra
    Når rådet kjem frå oss, kan du som kunde føle deg trygg på at det er i di beste interesse. Mens heile eksistensen til finansbankane er tufta på å generere eit størst mogleg overskot til aksjonærane, har vi som mål å sikre drifta av banken og å gi tilbake til lokalsamfunnet.Det viktigaste for oss er derfor at kundane våre gjer det bra.

Ta kontakt med oss for ein prat om bedrifta di.