I veke  44 vil det pågå ei oppgradering på nokre av våre minibankar i Sogn Sparebank.

Det betyr at dei vil vere ute av drift i ein periode på ca eit døger, frå ettermiddagen første dag til ca midt på dagen, dagen etter.

Det vil bli hengt opp informasjon på kvar enkelt minibank over kva dag minibanken vert oppgradert,  slik at du som kunde kan planlegge.

Me beklagar dei ulempene dette vil føre med seg, og ta gjerne kontakt med den respektive avdelinga om noko er uklart.

 

Dette gjeld fylgjande avdelingar på fylgjande dagar:

 

Flåm                                      Måndag ettermiddag – Tysdag

Sogndal                                 Tysdag ettermiddag – Onsdag

Årdalstangen                         Onsdag ettermiddag – Torsdag

Vik i Sogn                            Torsdag ettermiddag - Fredag